Yrkespraksis i biologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Praksisopphaldet skal bidra til at studenten opplever verdien av den faglege kompetansen i biologi for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftene sine behov.

Lista over årets praksisplasser og søknadsskjema blir publisert første veka i januar.

Les om årets praksisplassar og korleis du søker her.

Spørsmål? Ta kontakt med Studieseksjonen (studie@bio.uib.no).

Omfang: Totalt ca. 250 timar. Minimum 140 timar skal vere arbeid hos praksisverten. Studentane skal også skrive fire blogginnlegg, eit refleksjonsnotat, møte til to samlingar (informasjonsmøte og midtsemestermøte) og gje ein kort presentasjon av praksisopphaldet sitt. Praksisrapport må få karakter "Bestått" for at ein skal bestå emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført praksis skal studentane
  • ha fått generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
  • ha fått innblikk i arbeidsoppgåver i organisasjonar, etatar, og næringsliv som kandidaten etter fullførte studiar skal vere i stand til å løyse
  • kombinere teori med erfaringsbasert læring
  • reflektere over forholdet mellom teori og praksis
  • arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • beskrive korleis ein bedrift/organisasjon organiserer arbeidet
  • bruke biologisk kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • oppsummere eit arbeid i form av ein prosjektrapport

Studiepoeng, omfang

10 sp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng i biologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk informasjonsmøte.
  • Obligatorisk midtsemestermøte.
  • Obligatorisk praksisopphald (min. 3 veker).
  • Obligatorisk presentasjon av praksisopphaldet.
  •  

    Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for at ein skal få vurdering av praksisrapporten, som gjev karakter i emnet.

    Vurderingsformer
  • Praksisrapport, utgjer 100% av total karakter.
  • Karakterskala
    Bestått / Ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Det er innlevering og vurdering av rapport i semesteret ein utfører praksisopphaldet i.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.