Hjem

Utdanning

Masteremne

Næringsmiddelkjemi og analyse

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO306
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I emnet vert kjemisk sammensetning av næringsmidler relatert til ernæring gjennomgått. Dessutan vert tap av næringsstoff gjennom prosessering av matvarene tatt opp. I førelesningar og laboratoriekurs vert analysemetodar av hovudnæringsstoff, fettsyrer, aminosyrer, samt utvalgte vitaminer og sporelementer gått gjennom. I tillegg vert metodar for validering av kjemiske analysemetodar gått gjennom.

Læringsutbyte

Etter fullføring av emnet skal studenten ha fått følgjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:

KUNNSKAPAR:

  • Definere kjemisk struktur og forventa innhald av næringsstoff og framandstoff i ulik mat/matvarer
  • Gje oversikt over korleis kjemisk struktur påverkar eigenskapar, kvalitet og tryggleik for matvara.
  • Gjere reie for korleis ulike kjemiske endringar kan brukast i produksjon og forbetring av mat.
  • Greie ut om gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.
  • Gjere reie for næringsmiddelkjemiske analyser som er sentrale i vurderinga av samansetjing av matvarer.

FERDIGHEITER

  • Beherske gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik og sikring av analysekvalitet ved arbeid med næringsstoff i eit akkreditert laboratorium.
  • Forklare sentrale analysar for næringsstoff som protein, feitt, vitaminer og mineralar og å visa dugleik i utvalde av desse.
  • Trekkje konklusjonar om eigne analysedata ut frå kunnskap om analyse og kvalitetssikring av analysen.
  • Presentere analysedata gjennom innsamla informasjon, strukturera ein presentasjon og leggja fram fagstoff.

KOMPETANSE

  • Beherske samarbeid på laboratoriet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MOL100, KJEM100/110, BIO100, BIO101, BIO103, BIO104 (gamle emner: BIO111, BIO113, BIO114)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs

Vurderingsformer

Munnleg eksamen (70%) og laboratoriejournal (30%)

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MAR352: 15 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Godkjend journal + munnleg

    Trekkfrist
    01.11.2017