Hjem

Utdanning

Masteremne

Systematikk og biologi til algar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal få ei god oversikt over utviklingslinjene innan algar, og ei innføring i systematikk, fylogeni, biogeografi og biologi. Artar, både mikroalgar og makroalgar, vil bli nytta som døme ved gjennomgang av ulike algegrupper. Emnet skal også gi ei oversikt over den fysiologiske tilpassinga av ulike algegrupper til det miljøet dei lever i. Emnet vil bli belyst med forelesingar, fordjupingsseminar, feltaktivitet og laboratorieaktivitet, der det vil bli gjennomført laboratorieforsøk med eincella algar.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne:

1. Gi ein oversikt over utviklingshistorien til dei viktigaste algegruppene og gjere rede for viktige teorier og hypotesar i samband med dette

2. Gi ein oversikt over systematiske grupper innan viktige algegrupper, med døme, og dei viktigaste karakterane som sameinar og skil desse

3. Ha tileigna seg basis kunnskap om biogeografiske regionar og kunne gi ein biogeografisk oversikt over viktige algegrupper

4. Gi ein oversikt over teoribakgrunnen for algefysiologi og korleis miljøfaktorar verkar inn på funksjonar, vekst og overleving til algar

5. Beskriva korleis algegrupper er tilpassa det miljøet dei lever i

Krav til forkunnskapar

Bachelor i biologi eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs og godkjent journal.

Vurderingsformer

 Skriftleg eksamen, 4 timar. Ingen hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    26.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    12.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen