Hjem

Utdanning

Masteremne

Havforsking

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit breitt kurs i moderne havforsking, med hovudvekt på fiskeri- og marinbiologiske metodar. Kurset inneheld modular med faunistikk og strandsoneøkologi, tokt med forskingsfartøy, teori og observasjonsmetodikk i felt, og opplæring i modellering og analyse av feltdata. Den teoretiske modulen gir ei innføring i biologisk oseanografi, grunnlaget for produksjon i havet og intoduksjon til utvalde marine økosystem og modellar. I dei praktiske bolkane vil feltkurs med forskingsfartøy i Nordsjøen og i fjordane på Vestlandet, samt feltstudiar i kystområde, gi innføring i planlegging av forskingsprosjekt og innsikt i levevis og økologi til dei viktigaste artane. Prøvetaking og opparbeiding av marine feltdata, samt data-analyse og modellering, vil gi opplæring i sentrale forskingsmetodar for studiar av mengdemåling og observasjon av marine artar. Innan feltdesign vil det bli gjennomgått ulike teknikkar, føremål og døme på innsamling av marine data og akustisk observasjonsmetodikk, samt styrke og svakheiter til desse. Feltdesign inkluderer måtar å samle inn typiske havforskings- og miljødata: survey, akustikk, tidsseriar, ROV, i tillegg til prosess- og kartleggingsstudiar. Koplinga mellom survey, akustikk, rådgjeving og kvotesetting inngår også i emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne BIO325 skal studenten kunne/ha fylgjande læringsutbyte:

- forstå og kunne bruke modellverktøy for å studere drivkreftene for produksjon i havet

- forstå korleis fysiske prosessar og romlege strukturar påverkar biologiske interaksjonar og fordeling av organismar

- ha kunnskap om utvelde habitat og oppvekstområde for marine organismar og ha oversikt over økologi og organismar nær kysten og i havet

- kunne bruke verktøy til å identifisere vanlege norske marine evertebrater og fisk

- kunne planlegge og gjennomføre feltarbeid med utgangspunkt i forskingsspørsmål

- ha grunnleggjande kjennskap til dei vanlegaste metodane for innsamling av feltdata innan moderne havforsking

- kunne forklare og vurdere prinsippa bak dei ulike metodane for innsamling og opparbeiding av feltdata, samt styrkar og svakheiter ved desse

- kunne opparbeide, registrere og tolke innsamla felt- og eksperimentelle data

- kunne kommunisere vitskaplege funn frå feltstudiar

- ha kjennskap til grunnleggjande effektar av fiskeri og hausting av marine biologiske ressursar

- forstå og vurdere uvisse i estimat, innsamling av data og modellar og kva dette betyr for rådgjeving

- ha lært å arbeide og fungere i team om bord i forskingsskip og gjennomføre feltarbeid på ein trygg måte

Krav til forkunnskapar

Bachelor i biologi

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i biologi, samt grunnkurs i matematikk og statistikk og kjennskap til bruk av rekneark av type Excel, og statistikkprogram av type R eller liknande. Det er ei føremon å følgje BIO300A (haust) samstundes.

Krav til studierett

Emnet er ope for masterstudentar innan marine fag og er obligatorisk for studieretning Marinbiologi og studieretning Fiskeribiologi og forvaltning. For å delta på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Omfang av arbeid tilsvarar om lag 540 arbeidstimar for studentane.

Teoretisk bolk: Førelesningar og gruppeøvingar startar veke 33 og føregår ut veke 47.

Praktiske modular som inngår i mappevurderinga:

1. Marin fauna: feltundervisning 2 veker på biologisk stasjon i august, med litt tid i liten forskingsbåt

2. Innføring i marine feltmetoder: feltkurs på forskingsfarty i september - 1 veke prosess-studier i ein fjord ELLER 1 veke på havtokt (tokta går over 2 veker i midten av september med undervisning og mappearbeid før og etter)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatoriske innleveringar, deltaking på tokt og feltarbeid.

Vurderingsformer

Mappeevaluering og godkjende obligatoriske rapportar/journalar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med BIO309B (5 sp), BIO310 (5 sp), BIO240 (10 sp), BIO333 (5 sp)

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kurskoordinator: Anne Gro Vea Salvanes

Studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    01.11.2017