Gå til innhold
English A A A
Emne BIO370

Celle- og utviklingsbiologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Krav til forkunnskapar

Obligatoriske deler av bachelor i biologi eller tilsvarande.

Læringsutbyte

Ved fullført emne BIO370 skal studenten kunne:

  • greie ut om sentrale omgrep og problemstillingar innan utviklingsbiologi og kva teknikkar ein brukar for å studere desse.
  • gjere greie for fellestrekk og ulikskapar i embryonal utvikling hos ulike dyregrupper.
  • kjenne igjen ulike utviklingstadium og kunne greie ut om utvikling av ulike organsystem og celletypar.
  • forklare cellulære og molekylære mekanismar i utvikling av organismar.
  • ha ferdigheiter til å gjere forsøk og studere embryoutvikling med molekylære metodar.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Emnet gir ei grundig innføring i embryologisk utvikling hos ulike dyregrupper, inkludert vev- og organdanning, og korleis ulike molekylære prosessar styrer organismen si utvikling. Emnet gir òg ei praktisk innføring i utviklingsbiologiske teknikkar. Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne BIO370 skal studenten kunne:

  • greie ut om sentrale omgrep og problemstillingar innan utviklingsbiologi og kva teknikkar ein brukar for å studere desse.
  • gjere greie for fellestrekk og ulikskapar i embryonal utvikling hos ulike dyregrupper.
  • kjenne igjen ulike utviklingstadium og kunne greie ut om utvikling av ulike organsystem og celletypar.
  • forklare cellulære og molekylære mekanismar i utvikling av organismar.
  • ha ferdigheiter til å gjere forsøk og studere embryoutvikling med molekylære metodar.

Krav til forkunnskapar

Obligatoriske deler av bachelor i biologi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i biologi eller tilsvarande. BIO270.

Obligatoriske arbeidskrav

Forelesingar, laboratoriekurs m/journal og semina. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen (60%), seminar (10%) og kursjournal (30%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.