Hjem

Utdanning

Masteremne

Fiskesjukdommar - Vasskvalitet

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil dekke ulike tema innan vasskjemi knytt opp mot fisken si velferd og helse. Fokus er på det fysisk-kjemiske grunnlaget for vasskvalitet og korleis dette påverkar fisken si helse. Aktuelle tema er gassar, metall, pH, bruk av grunnvatn og overflatevatn, transport av fisk og stress. Kurset vil også innehalde ein gjennomgang av praktiske aspekt og teknologiske løysingar som kan gi betre vasskvalitet.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført kurset MAR 370 `Fiskesjukdommar - vasskvalitet¿ skal studentane ha ei grundig forståing av kritiske faktorar i høve til vasskvalitet i oppdrett, og korleis desse verkar inn på helse og velferd hos oppdrettsfisk. Studentane skal kjenne til kva faktorar som avgrensar produksjonen av fisk i eit system, og skal ha innsikt i praktiske og teknologiske løysingar for å behandle vatnet, og betre vasskvaliteten, både i ferskvatn og i marint oppdrett. Integrert i forståinga av miljøfaktorane skal studentane ha innsikt i dei fysiologiske reaksjonane i fisken på sub-optimale miljøtilhøve (patofysiologi). Gjennom å skrive og presentere ei semesteroppgåve skal studentane skaffe seg djupare innsikt i utvalde tema, og skaffe seg erfaring i ferdigheiter i å presentere eit vitskapeleg spørsmål til medstudentane.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BIO203/MAR250

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Blir opplyst ved kursstart.

Vurderingsformer

Muntleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MAR370: 5 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet(studie@bio.uib.no)

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017