Biomedisinsk basalblokk

Fakta om studiet

EmnekodeBIOBAS
Studiepoeng30
UndervisingssemesterHaust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester2
Ressursar
TilhørerInstitutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Ian F Pryme, http://uib.no/personer/Ian.Pryme

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Karl Johan Tronstad, http://uib.no/personer/Karl.Tronstad

Mål og innhald

Undervisningstema i kjemi, biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, cellefysiologi, og histologi er samla i emnet Biomedisinsk basalblokk (BIOBAS). Emnet skal gje studenten basal kunnskap for å kvalifisere seg for vidare studier. Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane få innsikt i biomedisin som et grunnleggjande fagfelt innanfor fagområda ernæring, odontologi og medisin.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om:

  • grunnleggjande generell og organisk kjemi
  • biokjemiske byggjesteinar
  • protein og enzym
  • DNA, genregulering og molekylærbiologiske prinsipp
  • karbohydratar, lipidar og aminosyrer sin metabolisme
  • virus og immunologi
  • cellene sin bygnad, funksjon og transport
  • celledeling og differensiering
  • prinsipp for cellulær signalomforming og regulering
  • cella si organisering i vev
  • eksperimentelle biomedisinske arbeidsmetodar
  • mikroskopisk karakterisering av histologiske snitt

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten være i stand til å:

Kunnskapar

  • Gjere nytte av kjemisk terminologi og prinsipp innan elektrokjemi, likevekt, termodynamikk og organisk kjemi til å beskrive og forklare biokjemiske og fysiologiske prosessar.
  • Beskrive grunnleggjande strukturar, eigenskapar og metabolisme til karbohydrat, protein, lipid og nukleinsyrer.
  • Beskrive cellene sin generelle bygnad og fysiologi, organellene si rolle, signalomforming og genregulering.
  • Greie ut om energimetabolismen i celler og vev.
  • Beskrive cellene sin strukturelle og funksjonelle organisering i ulike vevstypar, og gjenkjenne dette i mikroskopiske snitt.
  • Gje ei generell beskriving av bygnad og mekanismar til virus, samt gje eit oversyn over immunsystemet og immunrespons.
  • Beskrive og gjennomføre sentrale eksperimentelle biokjemiske, molekylærbiologiske og biomedisinske metodar.

Ferdigheiter/generell kompetanse

  • Løyse biomedisinske problemstillingar knytt til underviste tema.
  • Utføre utvalde laboratorieanalysar og eksperimentelle analysar, og tolke deira resultat.
  • Gje ei histologisk beskriving av utvalte vevsnitt ved hjelp av mikroskopi.
  • Samarbeide med medstudentar i teoretisk gruppearbeid og praktiske laboratorieøvingar.

Undervisningssemester

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Krav til studierett

Medisinstudiet, eller Integrert mastergrad i odontologi.

Tilrådde forkunnskapar

For dei som ynskjer å førebu seg til emnet kan me anbefale å byrje med denne pensumboka:

«Essential Cell Biologi» av Alberts, Bray & Hopkin (ABH, 3.utg)

Undervisning og omfang

Førelesingar, spørjetimar, breiddetest før eksamen med organisert oppgåveløysing, organiserte og delvis leia kollokvium, tryggleikskurs, laboratoriekurs, fagleg informasjon via Mi side/e-post.

Cirka 4-6 timar førelesingar per veke om hausten, og i alt rundt 125 timar om våren. I tillegg kjem laboratoriekurs og histologikurs.

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking på histologi-, tryggleiks- og laboratoriekursa er obligatorisk. Studentane vert oppmoda til å delta på førelesingar og kollokvium.

Vurderingsformer

6 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side. Emneansvarleg har også faste møter med dei tillitsvalde.