Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i biologididaktikk

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Er kjent med biologi/naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
  • Skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • Gjere greie for kva kjenneteikn biologi har som skulefag og vitskapsfag, og korleis biologi har utvikla seg som fag
  • Kjenner til ulike arbeidsmåtar i biologi og naturfag og korleis desse kan bidra til læring
  • Har grunnleggande kunnskapar om korleis oppbygginga til hjernen og nevrofysiologiske prosessar påverkar læring, og korleis læring kan settast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere læreplanar i biologi og naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
  • reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
  • leggje til rette for varierte arbeidsmåtar som bidrar til læring og at elevane får erfaring med eit breitt spekter av biologifaget
  • nytte digitale verktøy som bidrar til god læring i biologi og utviklar elevanes digitale kompetanse
  • utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • motivere elevar og skape interesse for biologi og naturfag
  • nytte kunnskapar og erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i biologi
  • definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd

Krav til forkunnskapar

Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.

Tilrådde forkunnskapar

NATDID210

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminarer og forelesninger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, 4 skriftlege oppgåver

Godkjent praksis (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for biologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spøsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektoppgåve

    Trekkfrist
    01.11.2017