Hjem

Utdanning

Masteremne

Cellulær biokjemi og nanobiokjemi

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i biomedisinsk nanovitskap, samt å gje studenten eksperimentell erfaring av nokre utvalde metodar. Vidare skal emnet gje studenten innføring/erfaring i litteratursøking og skriftlege og munnlege presentasjonar, samt vitskapleg tenking.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

  • kunne gjere greie for metodar nytta i nanomedisinsk grunnforsking.
  • kunne planleggje og gjennomføre enklare forsøk og kritisk vurdere resultata (i den grad metodologien er pensum i emnet).
  • kunne søkje relevant vitskapleg litteratur.
  • vise evne til å uttrykke seg skriftleg og munnleg på ein vitskapleg måte.
  • kunne kritisk evaluere eigne resultat.
  • vise ei viss evne til vitskapleg tenking.

Krav til studierett

Masterprogram i nanovitskap

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet går over 7-8 veker.

Emnet startar med obligatoriske førelesningar (ca 4 veker) og fortset med obligatorisk laboratorieundervisning under rettleiing. Antal førelesingar per veke varierer (mellom 6 og 12).

Vurderingsformer

Semesteroppgåve

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

HUCEL340A

Litteraturliste

"Essential Cell Biology", Alberts et al., review-artiklar og originalartiklar.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40

Emneansvarleg:

Knut Teigen, http://uib.no/personer/Knut.Teigen

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen