Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Kurs i biomedisinsk forskning

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Dette kurset blir tilbudd kandidatane når dei startar sin ph.d.-periode. Kurset gir nyttig informasjon og tips om ph.d.-løpet, i tillegg til å fremje samarbeidet på tvers av institutt- og fakultetgrensene ved å leggje til rette for utveksling av teknisk kompetanse og erfaring. Kurset er skreddersydd for kandidatane som tar ein ph.d. grad innafor biomedisin, molekylær biologi og liknande, og er tilpassa den biomedisinske forskinga.

Kurset går over tre år for å jamleg tilby undervising i tema som er nyttige for eit ph.d.-løp. Dette skal resultere i kandidatar som har spesial-ekspertise og er i stand til å fullføre ei ph.d.- oppgåve av høg vitskapeleg kvalitet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gje ein vitskapleg presentasjon og diskutere dei andre kandidatane sine prosjekt. Stille kritiske spørsmål og teke imot faglig kritikk.
  • Diskutere ny kunnskap som har komme frå eige prosjekt.
  • Beherske og evaluere vitskapelege problemstillingar og metodar.
  • Presentere og diskutere dei mest sentrale og relevante funna.
  • Delta i vitskaplege diskusjonar.
  • Kjenne til kvar ein kan finne kompetanse innan dei ulike felta knytt til eige doktorgradsprosjekt.
  • Ha tverrfagleg kunnskap av dei ulike metodane som vert nytta innan ulike forskingsfelt, deira applikasjonar, avgrensingar og føremon.
  • Vere i ein posisjon der ein kan utveksle teknisk ekspertise og erfaring, legge grunnlag for samhandling som på sikt vil forbetre den generelle vitskaplege kvaliteten.
  • Bidra til vitskapleg interaksjon mellom forskarar innan biomedisinsk vitskap.
  • Kunne nytte verktøy som er nødvendig for å fullføre ei ph.d.-utdanning slik som Excel, Photoshop, statistikk, osv.

Undervisningsperiode

INAKTIV: dette emnet vil bli omorganisert og vil ikke avholdes inntil videre

Studiepoeng

3

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før 1. februar eller 1. september.
Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2685067. Frist: 1. desember for vårsemester 1. juni for haustsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb (frist 1. februar til våren, 1. september til høst).
Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.
Etter fristen, ta kontakt med instituttet direkte via phd@biomed.uib.no, eller 55 58 63 70.

Krav til forkunnskapar

 Ferdig utdanna tannlege eller lege, eller mastergrad innan eit anna relevant vitskapleg felt.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Inngår i opplæringsdel

Anbefales som del av opplæringsdelen for kandidatar knytte til Bergen biomedisinske forskarskule (BBRS) og Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

For å bestå emnet, må kandidaten:

  • Delta på heildagsseminaret med presentasjon av Institutt for biomedisin, og delta på besøk til dei andre institutta ved forskarskule
  • Få bestått på eigen presentasjon
  • Delta i diskusjonane
  • Delta i 80 % av dei årlege kursa
  • Sende inn arbeid til dei årlege kursa

Karakterskala: bestått / ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Kven kan delta

Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar som er knytte til Institutt for biomedisin, men er og ope for forskarlinestudentar og ph.d-kandidatar ved andre institutt. 

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

  • Eit heildagsseminar med presentasjon av forskarskulen, introduksjon til kva ein ph.d. er, informasjon om opplæringsdelen. Etter dette ei innføring i vitskaplege metodar ved plattformane ved Institutt for biomedisin. I tillegg liknande introduksjon til fasilitetane ved Institutt for informatikk, Institutt for biologi, Computational biology unit og SARS senteret.
  • Eit halvdagsseminar der kandidatane gjev korte presentasjonar av eigne prosjekt og fagleg diskusjon.
  • Eit todagarskurs med tema nyttige for eit ph.d-løp. 1-2 tema per kurs (eksemplar på kurs vil være:Excel, Photoshop, skrivekurs, statistikk, presentasjonsteknikk, etc.). Arbeidsoppgåver skal ein ta med på kurset. I tillegg blir det gruppeoppgåver i løpet av dei to dagane der kandidatane blir testa i tema som blir gjennomgått.
  • Todagarskurs i nye tema på år 2 og år 3 av stipendiattida.

Då dette kurset er tilpassa biomedisinsk forsking, vil kursane gå spesifikt inn på aktuelle problemstillinga. Før kvart todagarskurs skal deltakarane førebu eit arbeid som passer med tema som blir omhandla på kurset. Til dømes, før skrivekurset tar ein med eit utkast til abstrakt og introduksjon ein har laga på ein artikkel, før Photoshop tar man med ein figur, før presentasjonsteknikk førebur ein ein presentasjon.

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Fagleg ansvar

Marion Kusche-Gullberg

 http://www.uib.no/personer/Marion.Kusche-Gullberg

Kjernelitteratur

Gis ut i samband med kursane.

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Muntleg

    Trekkfrist
    01.09.2017

Undervisningsperiode

INAKTIV: dette emnet vil bli omorganisert og vil ikke avholdes inntil videre