Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Biomedisinsk forskarkurs: Nevrovitskap

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBMED901
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk.

Engelsk viss engelskpråklege kandidatar.

Kursinnhald

Dette kurset gjer ein grundig oversikt over nevroner og synaptisk funksjon, med vekt på nevral plastisitet i pattedyrs hjerne frå unge til vaksne individ.

Kurset tek sikte på å gje kandidatane ein integrert forståing, som spenner frå intracellulær signalering og genuttrykk, til nevrale kretsfysiologi og åtferd så vel som hukommelse.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Kandidaten vil ha ein djupare forståing av gjeldande teoriar og metodar i grunnleggjande nevrovitskap.

Ferdigheiter

  • Kandidaten vil kunne forklåre og analysere gjeldande konsept og teoriar innan grunnleggjande nevrovitskap.

Generell kompetanse

  • Kandidaten vil kunne presentere, debattere, og skissere gjeldande teoriar innan eit vald område av grunnleggjande nevrovitskap.

Undervisningsperiode

Vår

Krev påmelding frå minst 4 kandidatar

Studiepoeng

3

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før 1. februar eller 1. september.

Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2686224. Frist: 1. desember for vårsemester 1. juni for haustsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb (frist 1. februar til våren, 1. september til høst).

Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.

Etter fristen, ta kontakt med instituttet direkte via phd@biomed.uib.no, eller 55 58 63 70.

Tilrådde forkunnskapar

Fokus på nevrovitskap

Kven kan delta

PhD-kandidat innan naturvitskap/medisin

Emnet rettar seg i hovudsak mot PhD-kandidatar som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin, men kan og vere aktuelt for kandidatar innan naturvitskap eller medisin ved andre institutt.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatoriske arbeidskrav:
Kandidatane må presentere pensum materialet (bokkapittel) ved fleire enn to kursseminar og delta på minst 80 % av øktene.

Program

Samla arbeidsmengde:

Kurset finn sted annankvar veke i løpet av ein periode på cirka ti veker.

Seminar bygd opp gjennom at kandidatane presenterer utvalde kapittel frå lærebøker.

  • Utarbeide eigen presentasjon (24 timar)
  • Lesing av materiale for 10 seminar, ca. 450 sider (46 timar)
  • Presentasjon og diskusjon på eit seminar (1 time).
  • Deltaking på 9 andre seminar.

80 timer totalt.

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Fagleg ansvar

Clive Bramham

http://www.uib.no/personer/Clive.Bramham

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet

Undervisningsperiode

Vår

Krev påmelding frå minst 4 kandidatar