Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Biomedisinsk forskarkurs: Molekylære teknikkar for å klone og uttrykke eukaryote protein

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBMED903
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk.

Individuell rettleiing på engelsk dersom engelskspråklege kandidatar.

Kursinnhald

Målet er at kandidaten skal få praktisk erfaring i utvalde teknikkar for kloning, PCR og proteinuttrykking samt det grunnleggjande teoretiske grunnlaget for desse metodane og andre liknande teknikkar. I tillegg vil det bli gitt litteratur og rettleiing om avanserte teknikkar som kandidaten vil ha bruk for.

Kandidaten skal kunne utføre liknande eksperimenter på eigen hand basert på praktisk og teoretisk kunnskap erverva i løpet av kurset.

Timeplan: http://link.uib.no/9xnu link.uib.no/?ktV

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Beherske basiskunnskap for dei praktiske metodar som vert nytta i laboratoriekurset samt ha kunnskapar om og kunne bruke andre relevante molekylærbiologiske teknikkar tilpassa kandidatens PhD-prosjekt.

Ferdigheiter

  • Beherske enkle kloningar, PCR-teknikken og å uttrykke rekombinante protein i bakteriar samt kunne bruke SDS-gelelektroforese og Western blot teknikken.

Generell kompetanse

  • Kunne sette seg inn i og meistre vanlege molekylærbiologiske teknikkar.

Undervisningsperiode

Vår

Studiepoeng

5

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før 1. februar eller 1. september.

Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: ttps://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2685067. Frist: 1. desember for vårsemester 1. juni for haustsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb (frist 1. februar til våren, 1. september til høst).

Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.

Etter fristen, ta kontakt med instituttet direkte via phd@biomed.uib.no, eller 55 58 63 70.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for kandidatar knyta til Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

Munnleg eksamen

Karakterskala:

Bestått / ikkje bestått

Kven kan delta

Ph.d.-kandidater innan naturvitskap/medisin.

Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin, men kan og vere aktuelt for kandidatar innan naturvitskap eller medisin ved andre institutt.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatoriske arbeidskrav:

Godkjend journal

Merk:

ved få påmelde til emnet, vil undervisningsopplegg kunne verte justert i samråd med dei påmelde for å ivareta læringsutbytte for kandidatane.

Program

Samla arbeidsmengd:

Intensivkurs i januar:
Ei veke med førelesingar og laboratoriearbeid under rettleiing kl. 8-16 kvar dag, og veka etter ferdigstilling av ein skriftleg journal + førebuing til laboratoriekurs.
Totalt 50 timer.
I tillegg får kvar kandidat eit særskild tilpassa pensum på ca. 200 sider med nyleg utkomne artiklar.

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Fagleg ansvar

Anni Vedeler

http://www.uib.no/personer/Anni.Vedeler

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin,

Det medisinske fakultet

Undervisningsperiode

Vår