Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Biomedisinsk forskarkurs: Matrix biologi

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBMED904
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk. Engelsk viss engelskspråklege kandidatar.

Kursinnhald

Dette er eit vidaregåande kurs i ekstracellulær matrix for masterstudentar, kandidatar og forskarar som er interesserte imMatrix relatert forsking. Kurset gjer ein grundig oversikt over celler sine interaksjonar med den ekstracellulære matrix. Kurset tek sikte på å gje kandidatane ein integrert forståing av rollen til den ekstracellulære matrix for helse og sjukdom.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Beskrive dei ulike komponentane som deltek i celle-matrise samspelet
  • Beskrive dei underliggjande prinsipp som styrar celle-matrise samspelet

Ferdigheiter

  • Forstå eksperimentelle prosedyrar som vert nytta til å studere interaksjonar mellom celler og den ekstracellulære matrise
  • Bruke biokjemiske / cellebiologiske aspekt for å forstå kva rolle den ekstracellulære matrise har for normal hemostase og for utvalde kliniske problemstillingar
  • Diskutere noen aktuelle nøkkelspørsmål innan celle-matrise interaksjonar

Generell kompetanse

  • Demonstrere analytisk tenking ved å vurdere ein vitskapleg artikkel kritisk og foreslå mulege problemstillingar, samt utforme eigna strategiar for å svare på spørsmåla

Undervisningsperiode

Mai/juni 2019. Krev påmelding frå minst 10 kandidatar

Studiepoeng

3

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før 1. februar eller 1. september.

Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2686224. Frist: 1. desember for vårsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb (frist 1. februar til våren).

Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.

Etter fristen, ta kontakt med instituttet direkte via phd@biomed.uib.no, eller 55 58 63 70.

Krav til forkunnskapar

Kunnskap på masternivå innan molekylærbiologi, cellebiologi og biokjemi.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskap på masternivå innan signaltransduksjon (BMED330 eller liknande).

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for kandidatar knyta til Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

For å bestå kurset, må kandidaten gje ein munnleg presentasjon og kritisk vurdering av ein utvald artikkel. 
Karakterskala: Bestått / ikkje bestått

Kven kan delta

PhD-kandidat innan naturvitskap/medisin.

Kurset er ment for PhD-kandidatar innan biomedisinsk forsking (medisin eller naturvitskap). Kurset er ope for alle interesserte kandidatar, men kandidatar som vert rettleia ved Institutt for biomedisin, eller er med i Forskarskulen i molekylærbiologi og bioinformatikk (MCB), vert prioritert.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatoriske arbeidskrav: Obligatorisk frammøte på førelesingar og laboratorieundervisning.

Program

Samla arbeidsmengd:

  • Førelesingar
  • Laboratoriearbeid / demonstrasjonar under rettleiing
  • Førelesingar og laboratoriearbeid (35 timar)
  • Seminar der deltakarane presenterer utvalde artiklar (4 timar)
  • Utarbeiding av eigen presentasjon (ppt-presentasjon) og diskusjon (41 timer).
  • Det vert forventa at deltakarane les nokre originalartiklar før kurset tek til.

Ei full arbeidsveke (5 dagar) + 80 timer

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Fagleg ansvar

Marion Kusche-Gullberg

http://www.uib.no/personer/Marion.Kusche

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet

Undervisningsperiode

Mai/juni 2019. Krev påmelding frå minst 10 kandidatar