Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Minisymposium-serie for yngre forskarar

  • Studiepoeng2
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeBMED907
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Symposiumserien skal legge til rette for vitskapleg samspel mellom forskarar innan medisinsk grunnforsking, primært ved Institutt for biomedisin.

Yngre forskarar skal her kunne utveksle metodar, teknisk ekspertise og erfaring som vert nytta i medisinsk grunnforsking, med sikte på å betre den vitskaplege kvaliteten for alle.

Symposiumserien skal også gje doktorgradskandidatar erfaring med munnlege presentasjonar, faglege diskusjonar og vitskapleg tenking.

Symposia finn stad annankvar månad. Kvart symposium omfattar fire innlegg frå PhD-kandidatar og/eller postdoktor rundt eit felles tematisk fokus; basert på ein felles metode, rundt liknande problemstillingar o.a. Kvart innlegg varer ca. 30 minutt, med ein kort diskusjon i etterkant. Symposiet vert leia av ein seniorforskar, og kvar presentasjon vert følgt av ein kort diskusjon med tilbakemeldingar og innspel frå både møteleiar og dei andre deltakarane.

Timeplan: http://link.uib.no/9mym

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjennomføre ein vitskapleg presentasjon der ein provar at ein beherskar bruk av ein rekkje avanserte metodar
  • Forklare ny kunnskap utvunne frå eige prosjektarbeid

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Være i stand til å analysere kompliserte data etter å ha utført sjølvstendig forskingsarbeid
  • Trekke klåre slutningar frå dei undersøkingar ein har utført
  • Leggje frem, forklare og drøfte dei viktegaste og mest sentrale funn
  • Meistre deltaking i faglege diskusjonar
  • Gje og ta imot fagleg kritikk

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Ha ei forståing av ulike metodar som vert nytta innan ulike forskingsfelta, deira bruksområde, avgrensingar og føremon
  • Utveksle metodar, teknisk ekspertise og erfaring som vert nytta i medisinsk grunnforsking, med sikte på å betre den generelle vitskaplege kvaliteten
  • Delta i vitskapleg samspel mellom forskarar innan medisinsk grunnforsking

Undervisningsperiode

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Krev helst 12 påmeldte kandidatar.

Studiepoeng

2

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før 1. februar eller 1. september.

Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2686224. Frist: 1. desember for vårsemester 1. juni for haustsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb (frist 1. februar til våren, 1. september til høst).

Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.

Etter fristen, ta kontakt med instituttet direkte via phd@biomed.uib.no, eller 55 58 63 70.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for kandidatar tilknytt Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

For å bestå emnet, må kandidaten

  • førebu seg til, og delta aktivt på minimum 4 symposium over to semester (oppmøte vert registrert)
  • levere rapport frå 2 presentasjonar
  • gje ein munnleg presentasjon av eigne metodar på eit av desse symposia
  • gje tilbakemelding til andre kandidatar på deira presentasjonar.

Innlevering av éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinene som er publisert på Mitt UiB. Rapporten skal vere på 3-4 sider og helst skrivast på engelsk.

Vurdering av rapportane vert gjort av emneansvarleg.

Vurdering av presentasjonen vert gjort av leiar av symposiet og emneansvarleg i fellesskap.

Følgjande karakterskala vert nytta:

Bestått / Ikkje bestått

Kven kan delta

Emnet rettar seg hovudsakleg mot PhD-kandidatar som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin, men kan også vere aktuelt for kandidatar innan medisinsk grunnforsking ved andre institutt.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Emnet går over 2 påfølgjande semester, med samlingar annankvar månad.

Eit symposium strekk seg over 3 timar, og inneheld 4 presentasjonar med diskusjonar og tilbakemeldingar.

Kvar deltakar skal forberede og halde ein presentasjon om eigne metodar og problemstillingar. Han/ho skal også lage eit resymé (ca. 350 ord) av dette for distribusjon til dei andre deltakarane en uke i forkant av symposiet.

Ein forventar at kvar deltakar set seg inn i dei aktuelle problemstillingane (resymea) i forkant av symposia.

Merk:

Ved få påmelde til emnet, vil undervisningsopplegg kunne verte justert i samråd med dei påmelde for å ivareta læringsutbytte for kandidatane.

Alle forskarar, postdoktor, PhD-kandidatar, masterstudentar og teknisk tilsette ved instituttet er sterkt oppmoda om å vera tilstade og delta i diskusjonane.

Program

Samla arbeidsmengde:

  • Førebuing til eigen presentasjon (26 timer).
  • Førebuing til symposia basert på tilsendte samandrag, utarbeiding av rapport og tilbakemelding på 2 presentasjonar (20 timer).
  • Deltaking på minimum 4 symposium (12 timer).

58 timer totalt.

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Innleiarar

Kvart symposium vert leia av ein seniorforskar innan det aktuelle temaområdet den aktuelle dagen. Han eller ho fungerer som ordstyrar og leiar diskusjonen.

Kjernelitteratur

Dei samandraga som inngår til kvart symposium.

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin,

Det medisinske fakultet

Undervisningsperiode

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Krev helst 12 påmeldte kandidatar.