Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Brasilkunnskap med portugisisk språk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeBRA101
  • Talet på semester1
  • SpråkPortugisisk og norsk/engelsk 
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet blir ikkje tilbydd frå og med hausten 2017.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi ei grunnleggjande innføring i brasiliansk kultur og samfunnstilhøve, og i moderne portugisisk språk. Emnet femner om tema innan grammatikk og kulturkunnskap, og inneheld både undervisning i teori og praktiske øvingar. Emnet krev jamn og god studieinnsats og mykje sjølvstudium. Emnet legg grunnlaget for vidare fordjuping innan Brasilkunnskap og portugisisk språk. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne

Studenten

  • Har innsikt i nokre sentrale trekk ved brasiliansk historie, samfunn og kultur.
  • Har kunnskap om grunnleggjande portugisisk grammatikk.
  • Kan kommunisera i kjende samanhengar på eit enkelt portugisisk
  • Kan gjere greie for nokre sentrale trekk og samanhengar ved dagens brasilianske samfunn.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det blir ikkje kravd forkunnskapar i portugisisk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir undervist i sentrale delar av pensum gjennom førelesingar og gruppeundervisning med lærar.

Det vert to timar førelesing og fire timar gruppeundervisning per veke i 12 veker. Eit emne på 15 studiepoeng svarar i arbeidsmengd til 1/4 årsverk. Studentane må rekna med monaleg eigeninnsats i tillegg til aktiv deltaking i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med gruppeundervisninga skal studentane halda ein kort munnleg presentasjon på portugisisk. Presentasjonen må vera godkjent av faglærar for å kunna gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma på emnet er ein skuleeksamen på fire timar som inneheld spørsmål om brasiliansk historie, kultur og samfunn; oppgåver i tekstforståing og grammatikk og ein liten eigenkomposisjon. Studentane skal svara på portugisisk på dei fleste oppgåvene.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Litteraturliste

Pensum (ca. 300 sider) er sett saman av ei grunnbok i portugisisk språk samt utdrag frå tekstar om brasiliansk historie, kultur og samfunnstilhøve.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrings¬system.