Gå til innhold
English A A A
Emne BYG621

Byggeskikk og bygningsvern II

Undervisningsperiode :

  • Inneværende semester

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust eller vår
Fagleg overlapp Ingen
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Studentane bør ha kunnskap som svarar til nivået fagplanane for vidaregåande skole, studieretning for allmenne fag, føreset. Det er og råd å søka opptak på grunnlag av realkompetanse.

Læringsutbyte

Kunnskapar: Ved fullført emne skal studentane vere i stand til å reflektere over materialkunnskap, historisk utvikling, samspelet mellom natur og byggeskikk, og praktisk og teoretisk bygningsvern i eit kulturanalytisk og vestnorsk perspektiv.

Ferdigheiter: Studentane kan skrive ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse: Studentane kan kommunisere om fagelege tema med andre med utgangspunkt i fagområdet.

Kontaktinformasjon

post@kulturakademi.no
studierettleiar@ahkr.uib.no
post@sevu.uib.no

Undervisningssemester

Haust eller vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og Stiftinga Vestnorsk kulturakademi på Voss.

Krav til studierett

Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU)

Mål og innhald

Studiet skal gje ei innføring i byggeskikk og bygningsvern med vekt på Vestlandet. Omgrepsbruk, praktisk erfaring, historisk utvikling og samspel mellom natur, lokale forhold og ytre, kulturell påverknad i samspel med formidling står sentralt. Studiet er særleg retta mot dei med handverks-bakgrunn, tilsette i kommune og fylke med byggeskikk og liknande som arbeidsområde, reiseliv og tilsette i museumssektoren, men også for ordinære studentar etter søknad.

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om byggeskikk og bygningsvernarbeid på Vestlandet i eit historisk og komparativt perspektiv, der dei aktuelle endringane og utfordringane innan feltet i dag blir vektlagt.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: Ved fullført emne skal studentane vere i stand til å reflektere over materialkunnskap, historisk utvikling, samspelet mellom natur og byggeskikk, og praktisk og teoretisk bygningsvern i eit kulturanalytisk og vestnorsk perspektiv.

Ferdigheiter: Studentane kan skrive ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse: Studentane kan kommunisere om fagelege tema med andre med utgangspunkt i fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Studentane bør ha kunnskap som svarar til nivået fagplanane for vidaregåande skole, studieretning for allmenne fag, føreset. Det er og råd å søka opptak på grunnlag av realkompetanse.

Fagleg overlapp

Ingen

Undervisning og omfang

Undervisninga er sett saman av førelesningar, øvingsoppgåve og seminar/ kollokvium. Dette blir utfylt av ekskursjonar, praktiske aktivitetar i tilknyting til val av materiale, ulike byggemåtar og restaureringsarbeid.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei øvingsoppgåve må vera innlevert og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Emnet blir avslutta med ein sekstimars skoleeksamen der studentane skal svara på ei eller fleire oppgåver.

Karakterskala

Det blir nytta karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Det er utarbeidd eiga pensumliste på rundt 800 sider og omfattar innføring og refleksjon over sentrale omgrep,materialkunnskap frå natur til bruk, historisk utvikling, samspel mellom natur og byggeskikk, og praktisk og teoretisk bygningsvern i eit kulturhistorisk og vestnorsk perspektiv.

Undervisningssted

Voss og Nordhordland

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

post@kulturakademi.no
studierettleiar@ahkr.uib.no
post@sevu.uib.no