Hjem

Utdanning

PhD-kurs

CCBIO symposium for yngre forskarar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk.

Kursinnhald

Målet med symposia er at dei skal fremme vitskapleg samspel og nettverksbygging mellom forskarar ved Centre for Cancer Biomarkes (CCBIO) .

Symposiumserien vil være ein arena der ph.d.-kandidatar får erfaring med munnlege presentasjonar, faglege diskusjonar og vitskapleg tenking. Deltakarar vil her kunne utveksle metodar, teknisk ekspertise og erfaringar, med sikte på å betre den vitskaplege kvaliteten for alle.

Symposia finn stad to gangar i semesteret. Kvart symposium omfattar ca. seks innlegg frå ph.d-kandidatar og/eller postdoktorar rundt eit felles tematisk fokus; basert på ein felles metode, rundt liknande problemstillingar o.a. Kvart innlegg varer ca. 20 minutt, med ein kort diskusjon i etterkant. Symposiet vert leia av ein seniorforskar, og kvar presentasjon vert følgt av ein kort diskusjon med tilbakemeldingar og innspel frå både møteleiar og dei andre deltakarane.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:

Kunnskapar

  • Gjennomføre ein vitskapleg presentasjon (om eigne metodar og problemstillingar).
  • Analysere, gjøre systematisk greie for og gi ei sjølvstendig vurdering av ny kunnskap utvunne frå eige prosjektarbeid.

Ferdigheiter

  • Kunne identifisere, analysere og drøfte dei viktegaste og mest sentrale funn fra eige forskingsarbeid.
  • Kunna handtere komplekse faglege spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet.
  • Gje og ta imot fagleg kritikk på et høyt nivå.

Generell kompetanse

  • Drøfta og vurdera bruken av ulike metodar som vert nytta innan ulike forskingsfelt, deira bruksområde, avgrensingar og føremon.
  • Utveksle teknisk ekspertise og erfaring, og fostre gode samarbeidsklima, som vil betre den generelle vitskaplege kvaliteten på lang sikt.
  • Kunne formidle og utføre sjølvstendig forskingsarbeid i anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar.
  • Delta i vitskapleg samspel mellom forskarar innan medisinsk forsking.

Undervisningsperiode

Vår og haust (2 påfølgjande semester).

Studiepoeng

3 credits (75-90 hours student work time).

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmeldingsfrist: 16. september.

Kandidatar ved Universitetet i Bergen (UiB) må melde seg på gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innan 1.februar/1 september.

Etter 1. september: kontakt Solveig.Witso@uib.no

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen til CCBIO.

Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten:

  • førebu seg til, og delta aktivt på minimum 4 symposium (oppmøte vert registrert), 5 timer per symposium inkludert førebuing (20t).
  • levere ein 3 siders vitskapleg rapport frå 4 valfrie presentasjonar. Rapportane må leverast seinast ei uke etter valgt presentasjon. 15 timer per rapport, inkludert førebuing (60t).
  • gje ein munnleg presentasjon av eigne metodar på eit av desse symposia, 10 timar inkludert førebuing.

90 timar totalt.

Vurdering av rapportane vert gjort av kurskoordinator.

Vurdering av presentasjonen vert gjort kurskoordinatorar.

Følgjande karakterskala vert nytta:

Bestått / Ikkje bestått.

Kven kan delta

Emnet rettar seg hovudsakleg mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også opent for andre studentar, forskerlinjestudenter og ph.d.-kandidatar.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Eit symposium strekk seg over 4 timar, og inneheld presentasjonar med diskusjonar og tilbakemeldingar.

Kvar deltakar skal forberede og halde ein presentasjon om eigne metodar og problemstillingar. Han/ho skal også lage eit resymé (ca. 350 ord) av dette for distribusjon til dei andre deltakarane en uke i forkant av symposiet.

Ein forventar at kvar deltakar set seg inn i dei aktuelle problemstillingane (resymea) i forkant av symposia.

Forskarar, postdoktor, ph.d-kandidatar, masterstudentar, forskarlinjestudentar og teknisk tilsette knytt til CCBIO er sterkt oppmoda om å vera tilstade og delta i diskusjonane.

Program

Symposia finn stad to gangar i semesteret. Kvart symposium omfattar ca. seks innlegg frå ph.d-kandidatar og/eller postdoktor. Kvart innlegg varer ca. 20 minutt, med ein kort diskusjon i etterkant.

Kontaktinformasjon

Kurskoordinatorer

Liv Cecilie Vestrheim

Liv.Vestrheim@uib.no

Erling Andre Høyvik

Erling.Hoivik@uib.no

Administrasjon

Solveig Lund Witsø

Solveig.Witso@uib.no

Fagleg ansvar

Anne Christine Johannessen

Innleiarar

Kvart symposium vert leia av ein eller begge kurskoordinatorane. Han eller ho fungerer som ordstyrar og leiar diskusjonen.

Kjernelitteratur

Dei samandraga som inngår til kvart symposium.

Undervisningsstad

Det medisinske fakultet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Deltatt

    Trekkfrist
    01.09.2017

Undervisningsperiode

Vår og haust (2 påfølgjande semester).