Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Biomarkører og tumorbiologi i klinisk praksis

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeCCBIO904
  • Ressursar

Kursomtale

Kursinnhald

Kurset skal dekke bredt tumorbiologiske tema som er viktige for å kunne forstå korleis kreft oppstår, kva mekanismar som kontrollerer tumorvekst, spreiing og morbiditet. Undervisninga vil særleg fokusera på tumorbiologiske forandringar som kan ha eller allereie har betyding for personlig tilpassa kreftbehandling og kliniske utprøvingsstudiar av ny diagnostikk og behandling.

Kurset omfattar førelesningar, demonstrasjoner, gruppearbeid, pensumlesestoff og kursprøve og har som mål at ph.d -kandidater som forskar på kreft skal få en bred forståing for alle sider av tumorbiologi basert på oppdatert kunnskap. Ph.d.-kandidatane vil også få god innsikt i korleis kunnskap om tumorbiologiske forandringar påverkar våre strategiar for å tilpasse utredning og behandling for denne pasientgruppa.

Læringsutbyte


Etter å ha fullført emne, skal kandidatane ha:

Kunnskap om:

  • Vurdering av føremålet og nytta av elementære metodar knytt til påvising av molekylære endringar i svulstvev
  • God innsikt i:
    • Tumorbiologiske aspekt ved kreft.
    • Onkogenar, tumor-suppressor genar, gen re-arrangementar, DNA-reparasjon, apoptose og vekstfaktorar.
    • Ulike metodar for "Gen-mapping". DNA-analyse og sekvensering
    • Prinsipp for cytokine terapi, gen terapi, rasjonell "drug-design", monoklonale antistoffar og protein "engineering".
    • Samspelet mellom tumorceller og mikromiljø.
    • Metodar for innsamling av prøver i klinikken for bruk av molekylære teknikkar.

Ferdigheter

  • Kunne formulere problemstillingar og forslag til studiar av molekylærbiologiske aspekt ved kreft og kreftutvikling for å kartlegge tumorbiologiske mekanismar.
  • Kunne kritisk vurdere nytta og utfordringar ved bruk av ulike metodar for å studere molekylærbiologiske aspekt ved kreft.
  • Kunne velje ut relevant litteratur som omhandlar molekylærbiologiske aspekt som er viktige ved kreft.

Generell kompetanse

  • Kunne vurdere korleis kunnskap om molekylære endringar i kreft kan føre til betre og meir presis diagnose.
  • Kunne fremme forslag til strategiar for utviklinga av meir målretta terapi og utprøving av kreft medisinar.
  • Kunne forstå utfordringar og moglegheit for innføring av meir målretta behandling og betre oppfølging av kreftpasientar.

Undervisningsperiode

Dette kurset går ikke regelmessig. Nye kurs vil bli annonsert.

Studiepoeng

4 studiepoeng (1 studiepoeng =25-30 t studentarbeid).

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via Studentweb (http://studentweb.uib.no) 

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen til CCBIO.

Fagleg overlapp

Kursets tema svarar delvis til legeforeningas årlige tumorbiologikurs, men har et sterkare fokus på betydinga av tumor biologisk kunnskap for biomarkørstyrt klinisk utprøving og har følgjeleg ei anna målgruppe.

Kven kan delta

Emnet rettar seg hovudsakleg mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også opent for andre studentar, forskarlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.

Utfyllande informasjon

Program

3 fulle dagar med forelesingar og seminar.

Gruppearbeid med diskusjon og etterfølgjande individuell presentasjon.

Litteratur: se under

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig

Oddbjørn Straume, oddbjorn.straume@helse-bergen.no

Administrasjon

Solveig Lund Witsø

Solveig.Witso@uib.no

Fagleg ansvar

Oddbjørn Straume

Innleiarar

TBA.

Kjernelitteratur

Undervisningsstad

Bergen.

Undervisningsperiode

Dette kurset går ikke regelmessig. Nye kurs vil bli annonsert.