Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Metoder for studier av biomarkørar ved kreft

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeCCBIO905
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk.

Kursinnhald

Målet med kurset er å gi deltakarane teoretisk og praktisk kunnskap om molekylære biomarkørar ved kreft og korleis disse kan studerast i pasient-prøver og i eksperimentelle modellar. Kurset vil fokusere på ulike metodar for påvising av molekylære endringar i vevsprøver, blodprøver, urinprøver og anna biologisk materiale, som immunhistokjemi, in situ hybridisering, PCR-teknikker og sekvensering, Western blot og ELISA, mikromatriseteknikkar, proteomikk, sirkulerande tumorceller og DNA, flowcytometri, bioinformatikk og biobankar. Endringar i nukleinsyrer og protein vil bli omtalt.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført kurs, skal kandidatane ha:

 Kunnskap om

  • Vurdering av føremålet og nytta av elementære metodar innafor biomarkør forsking på vevsprøver, som immunhistokjemi protokoller og in situ hybridisering
  • God innsikt i:
    • PCR teknikkar og sekvenserings- strategiar.
    • Western blot og ELISA teknikkar.
    • Mikromatrise analysar.
    • Proteomikk.
    • Sirkulerande og disseminerte kreftceller.
    • Flowcytometri.
    • Analyse av sirkulerande DNA.
    • Bioinformatikk strategiar.
    • Biobankar.

Ferdigheter

  • Kunne formulere problemstillingar for og planlegge og gjennomføre forsking på biomarkørar ved kreft.
  • Kunne vurdere nytta og bruk av ulike metoder for å studere biomarkørar ved kreft.
  • Kunne formilde relevant litteratur og metodar som omhandlar biomarkørar ved kreft.

Generell kompetanse

Kunne vurdere korleis kunnskap om biomarkørar kan føre til økt kunnskap om tumorbiologiske mekanismar, betre og meir presis diagnose og til målretta behandling og oppfølging av kreftpasientar.

Undervisningsperiode

Dette kurset går ikke regelmessig.

Nye kurs vil bli annonsert.

Studiepoeng

5 studiepoeng (125 -150t studentarbeid).

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via Studentweb (http://studentweb.uib.no).

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlina.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen til CCBIO.

Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten:

  • Delta under 90% av kurset.
  • Førebu seg til og delta aktivt i grupperbeid.
  • Gje ein munnleg presentasjon på 10-15 minuttar til dei andre kursdeltakarane om ein prosjektrelatert metode.
  • Bestå ein times skriftleg kursprøve. Kursprøve bedømmast av kursansvarleg.

Følgjene karakterskala blir nytta:

bestått / ikkje bestått.

Fagleg overlapp

Nei.

Kven kan delta

Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også ope for andre studentar, forskerlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.

Utfyllande informasjon

Program

3 fulle dagar med forelesingar og seminar.

Gruppearbeid med diskusjon og individuell presentasjon.

Litteratur: se obligatorisk pensum under.

Kontaktinformasjon

 Administrasjonen

Solveig Lund Witsø

Fagleg ansvar

Lars A. Akslen og James Lorens.

Innleiarar

TBA.

Kjernelitteratur

Cancer Biomarkers: Minimal and Noninvasive Early Diagnosis and Prognosis by Debmalya Barh, Angelo Carpi, Mukesh Verma and Mehmet Gunduz (2014) - 973 sider.

Cancer Biomarkers by Alexandros G Georgakilas (2012) - 382 sider.

(Total 1355 sider).

Undervisningsstad

Bergen.

Undervisningsperiode

Dette kurset går ikke regelmessig.

Nye kurs vil bli annonsert.