Statistisk metode

Fakta om studiet

EmnekodeDASP302
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk, engelsk ved behov.
Engelsk ved behov.
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Kurset tek føre seg deskriptive og eksploratoriske statistiske og andre kvantitative metodar som kan nyttast i arbeid med språklege problemstillingar. Vidare tilbyr kurset ei rettleiing i praktisk bruk av datamaskinelle verktøy for desse metodane.

Dette emnet eignar seg for studentar på veg inn i eit masterstudium eller doktorgradsstudium innanfor eit språkleg emne eller innanfor eit emne innanfor humanistisk informasjonsteknologi.

Fagleg overlapp

DASP106 (5 stp.).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og øvingar på datamaskin.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk innlevering av to øvingsoppgåver til tidsfristar som vert fastsett for kvart undervisningssemester. Innlevering av nr. 2 føreset at nr. 1 er godkjend. Desse oppgåvene blir vurderte samla som godkjent / ikkje godkjent

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk innlevering av to øvingsoppgåver til tidsfristar som vert fastsett for kvart undervisningssemester. Innlevering av nr. 2 føreset at nr. 1 er godkjend. Desse oppgåvene blir vurderte samla som greidd/ikkje greidd.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå (studiesyklus)

Master

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi eller masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Studenten skal vere i stand til å forstå statistikkutsegner i litteraturen, setje opp hypotesar som kan etterprøvast med kvantitative metodar, velje kvantitativ metode i høve til eigen analyse og gjennomføre praktiske utprøvingar, vurdere tilhøvet mellom kvantitativ og kvalitativ metodikk, tolke eit statistikkresultat i høve til ein hypotese, og bruke eit statistikkprogram på datamaskin. Vidare skal studenten forstå bidrag av statistiske metodar til datalingvistiske metodar og språkteknologiske bruksområde.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande; samt 60 stp. i eit språkrelatert fag eller humanistisk informatikk.

Læremiddelomtale

Pensum består hovudsakleg av beskrivingar av statistiske og andre kvantitative metodar, og av deira bruksmåtar.

Vurderingsformer

Skriftleg slutteksamen på 4 timar, med karaktervurdering. For å kunna framstilla seg til slutteksamen må dei obligatoriske aktivitetane vera utførde.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.