Hjem
Click

Utdanning

Mastergradsstudier

Språkteknologiske bruksområde

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeDASP304
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk, engelsk ved behov

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Språkteknologi utviklar praktiske datasystem som behandlar språk. Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma. Kurset er konsentrert om eit eller nokre få spesifikke område i kontekst av eit studentprosjekt og det konkrete innhaldet i kurset vil variere over tid, avhengig av prosjektet.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne identifisere og bruke vitskapleg motiverte metodar og verkty innanfor eit språkteknologisk bruksområde og kunne implementere og evaluere eit språkteknologisk system. Studenten skal kunne skrive ein god rapport og eventuelt få gitt ut ein publikasjon i samarbeid med rettleiar. Prosjektet kan utvidast til ei masteroppgåve.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande; samt 60 stp. i eit språkrelatert fag eller humanistisk informatikk. Ein bachelorgrad med spesialisering innanfor datalingvistikk og språkteknologi gjev det mest høvelege startgrunnlaget.

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisingsforma er prosjektbasert læring. Prosjektet kan gjennomførast i samarbeid med interne eller eksterne forskings- og utviklingsprosjekt. Prosjekttema skal veljast i samråd med rettleiar. Rettleiing blir lagt opp saman med rettleiar. Førelesingar blir gitte ved behov, og gjesteførelesingar kan bli aktuelt.

Om lag 3 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein plan for prosjektet, og eit omriss av den relevante litteraturen, skal leverast til rettleiar innan seks veker frå semesterstart. Rettleiinga skal minst ha eit omfang av to rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve i form av ein vitskapleg artikkel / prosjektrapport på ca. 4000 ord, som skal ha eit innhald og format som gjer det mogleg å sende artikkelen inn til ein vitskapleg konferanse.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum består av vitskaplege artiklar som er relevante for det spesifikke prosjektet og litteratur som gjev ein breiare oversikt over det vitskaplege området, ca. 400 sider. Pensum blir valt i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no