Hjem

Utdanning

Masteremne

Språkvitenskapleg skriving for master- og PhD-studenter

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDASP307
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master og ph.d.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Ut frå tekstteori, argumentasjonsanalyse og sjangeranalyse, gir kurset ei innføring i oppbygging og språkbruk i lingvistiske og datalingvistiske artiklar skrivne på norsk og på engelsk. Vidare omtalar kurset bruk og oppsett av referansar, val av tittel, og samandrag. Kurset legg vekt på lingvistisk terminologi og kurant vitskapleg språkbruk i lingvistiske fag. Kurset sitt innhald inkluderer også effektiv bruk og grafisk framstilling av spesielle tekstelement med særleg relevans for lingvistiske fag, m.a. lingvistiske eksempel med omsetjingar og gloser, flytediagram (flowcharts), dataframstilling i tabellar, trestrukturar, grafisk output frå statistisk programvare, f.eks. SPSS, fonetisk skrift og framande alfabet, dataprogram og matematiske formlar.

Språkvitskapleg skriving er retta mot master- og ph.d. -studentar innan lingvistikk, datalingvistikk og språkfaga.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for korleis ein tekst er bygd opp med omsyn til tekstteori, sjanger, språkbruk og argumentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • strukturere ein tekst med riktig sjanger, språkbruk og argumentasjon
  • bruke tekstelementer som t.d. eksempler, figurar og tabellar i samsvar med vanleg praksis.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

bruke ein skrivemåte som passar til vitskapelege artiklar, masteroppgåver og ph.d -avhandlingar etter tekstteoretiske prinsipp og skrivetradisjonen i lingvistiske fag

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

DASP307 er ope for ph.d.-studentar, studentar på masterprogrammet i allmenn lingvistikk, masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi og for alle med studierett på eit språkleg masterprogram ved UiB.

Studentar på andre program enn masterprogrammet i allmenn lingvistikk og masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi må søkje sitt eige institutt om å få ta emnet som del av mastergraden sin.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av førelesingar, diskusjonsseminar og praktiske øvingar. Studentane skal:

  • analysere tekstar og skilje mellom passande og mindre passande oppbygging, språkbruk, argumentasjon og visuell framstilling
  • korrigere problematisk språkbruk og lingvistisk terminologi (norsk og engelsk) i utkast til tekstar
  • lage ein større tekststruktur og bygge opp ein argumentasjon ut frå ei språkvitskapleg problemstilling.
  • velje ein tittel og lage eit samandrag for ein språkvitskapleg tekst

Studentane skal på ein effektiv måte framstille og bruke følgjande element i argumentasjonen:

  • lingvistiske eksempel med gloser og omsetjingar
  • formlar og tabellar
  • trestrukturar, flytediagram og andre figurar
  • dataprogram og lister
  • fonetisk skrift og framande alfabet

Om lag 1 time pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Studentane skal levere ei mappe beståande av 5 delar. Innhald og problemstilling for kvar del vert gitt fortløpande.

Omfanget av kvar del skal vere mellom 400 og 800 ord (utanom evt. data i vedlegg og referansar).

Alle delane dannar grunnlag for ein samla karakter og blir vekta likt (20% kvar).

Vurdering vil skje fortløpande gjennom semesteret.

Alle delar må vere bestått (karakter A-E) for at eksamenen er bestått.

Hjelpemiddel det er lov å nytta: pensum, bibliotekressursar, referansar angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siteras.

Karakterskala

A-F.

Litteraturliste

Pensum omfattar litteratur innan vitskapleg retorikk og tekst og ei samling av representative språkvitskaplege tekstar. Vidare vert det brukt datamaskin og programvare som støttar opne format for tekstar og bibliografiar (t.d. LaTeX/BibTeX).

Pensum består av ca. 150 sider og eit nettbasert kurs på 22 NETTsider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    06.09.2017
    • Eksamensdel: Mappedel 1

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 2

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 3

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 4

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 5

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen