Hjem

Utdanning

Masteremne

Avansert statistisk metode

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDASP309
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset tek føre seg statistiske analysemetodar som kan nyttast i arbeid med språklege og lingvistiske problemstillinger, og/eller problemstillingar innan kognisjonsforsking. Vidare tilbyr kurset ei rettleiing i praktisk bruk av datamaskinelle verktøy og en innføring i programmering i statistisk programvare (til dømes R).

Dette emnet eignar seg for studentar på veg inn i eit masterstudium eller doktorgradsstudium i eit emne innanfor språk, digital kultur eller kognisjonsvitskap 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar....

  • om avanserte statistiske teknikkar og modellar, til dømes faktoranalyse og «mixed effects»-modeller.
  • om beste praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan kognisjonsvitskapane for problem med mange faktorar.
  • om teoriar og konvensjonar innen statistisk analyse.
  • om ulike måtar til å best formidle statistiske resultater.
  • kring analytiske og eksplorative modellar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • kode innan statistisk programvare, til dømes R.
  • bruke teoriar og konvensjonar til å skape analysemodellar.
  • rapportere statistiske resultat korrekt i tekst og grafar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • jobbe selvstandig med et empirisk materiale.
  • velje korrekte modellar og eksplorative metodar.

ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analyser.  

Krav til forkunnskapar

DASPSTAT - Statistikk og kognisjonsforsking eller tilsvarande 

Tilrådde forkunnskapar

Det er og tilrådd at studenten har fått noko introduksjon i programmering (DASP107 eller INF100, eller tilsvarande) 

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi eller masterprogrammet i lingvistikk ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og øvingar på datamaskin.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk innlevering av to øvingsoppgåver til tidsfristar som vert fastsett for kvart undervisningssemester. Innlevering av nr. 2 føreset at nr. 1 er godkjend. Desse oppgåvene blir vurderte samla som godkjent/ikkje godkjent. For å kunne framstille seg til eksamen må dei obligatoriske aktivitetane vere utførde. 

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 4 timar

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum består hovudsakleg av beskrivingar av statistiske og andre kvantitative metodar, og av deira bruksmåtar, og introduksjon i programmering for statistisk programvare (til dømes R). 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    08.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen