Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Statistikk for kognisjonsforskning

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

 Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og para og upara t-test, samt ikkje-parametriske testar som ikkje har normalfordeling som føresetnad: Mann-Whitney U-test, Wilcoxon og kji-kvadrat og krysstabelltest. Studentane vil bli kjent med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.

Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for statistisk evaluering av statistisk signifikans, og relevans. Undervisninga er lagt opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap, ved hjelp av språkleg relevante eksempel. Dei skal óg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram. 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar....

  • om statistiske teknikkar og modellar.
  • om god praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan kognisjonsvitskapane.
  • om teoriar og konvensjonar innan statistisk analyse.
  • om ulike måtar til å formidle statistiske resultat best mogeleg.
  • kring analytiske modellar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • bruke statistisk programvare, til dømes R.
  • bruke teoriar og konvensjonar til å skape analysemodellar.
  • rapportere statistiske resultat korrekt i tekst og grafar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • jobbe sjølvstendig med eit empirisk materiale.
  • velje korrekte test for enklare eksperimentdesign.
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar.
  • sette inn statistisk analyse i ein relevant faglig samanheng.
    • forberede eksperimentelle design som er eigna for statistisk analyse.  

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

 DASP106: 5 studiepoeng.

DASP302: 5 studiepoeng.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei spesifikke måla blir nådd gjennom deltaking i undervisninga, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar, samt øving ved datamaskin med statistikkprogram. Samla undervisning utgjer 20 timar, fordelt mellom 14 timar førelesningar, og 6 øvingstimar.

Emnet består av oversiktsseminar over sentrale omgrep innan statistikk, med eksempel innan det språkvitskaplege forskingsfeltet. Det vert opna opp for diskusjon kring vanskelege omgrep, og rettleiing kring korleis data formaterast for automatisk prosessering med hjelp av statistikkprogrammet. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar ved datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering i programmet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal bli dekka av førelesningar og seminar, eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på undervisningsseminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve. Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve. Øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til heimeeksamen.

Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen, med løysing av statistisk analyse og rapportering av funn. Vi testar kunnskap, ferdighet og evne å sette in i samanheng.

Karakterskala

Karakterskala A-F 

Litteraturliste

Pensum er totalt på ca 300 sider. 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    30.10.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen