Gå til innhold
English A A A
Emne DIDAFIL2

Filosofididaktikk 2

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 7,5
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

I fagdidaktikkemna vert fokus retta mot formidling av filosofifaget i skulen. Studentane må difor kunne planleggje, grunngje, gjennomføre og vurdere undervisning i filosofi, med utgangspunkt i eksisterande læreplanar. Dei må og kunne tilpasse undervisninga til elevar med ulike føresetnadar, og dei skal kjenne til ulike undervisningsmetodar og utvikle eit blikk for samanhengen mellom form (undervisningsmetode) og innhald i undervisninga. Dette inneber at studentane skal kunne reflektere over dei ulike didaktiske aspekta ved læringssituasjonar i høve til:

  • Elevens føresetnader
  • Læraren sine føresetnader og den måten ho/han formidlar og presenterar stoffet på
  • Kunnskapane sjølv; kva filosofi er og fagets relevans i dag

Vidare skal studentane ha klåre tankar om i kva forstand faget er relevant for det å vere menneskjei dag. Filosofien som eit danningsprosjekt vert sentralt i ein slik samanheng.

DIDAFIL2 byggjer på DIDAFIL1 (Filosofididaktikk 1) og er særlig retta mot programfaget "Historie og filosofi 2" der ulike historiske, idéhistoriske og filosofiske problemstillingar i samtida er tema. Viktige tema vi skal sjå nærare på er:

  • Filosofiske diskusjonar om det moderne og det postmoderne
  • Sanning og objektivitet i relasjon til ulike vitskapar
  • Eksistens og meining
  • Fellesskap og individ
  • Politiske idear og ideologiar
  • Historisitet

Emnet vil i tillegg drøfte ulike måtar å formidle filosofi på.

Studiet tar sikte på å auke studentane si kompetanse når det gjeld å gjennomføre, vurdere og vidareutvikle eigne pedagogiske og didaktiske dugleikar - både m.o.t. klasseundervisning så vel som individuell rettleiing.

Læringsutbyte/resultat

 

  • Kunne identifisere tankar og idear frå tidlegare tider i vår eiga samtid
  • Kunne sjå samanhengar mellom diskusjonar om det moderne og det postmoderne og synet på sanning og objektivitet
  • Evne til å leggje til rette for god undervisning i sentrale filosofiske tema i den nære historia og i vår eiga tid
  • Medvit om korleis ulike meiningar og eksistensielle tilhøve vil vere med å prege filosofiske samtaler, undervisning og rettleiing
  • Kunne identifisere samanhengar mellom tankar om politiske idear, ideologiar og ulike menneskesyn, særleg når det gjeld syn på tilhøvet mellom fellesskap og individ
  • Auking av det etiske medvitet omkring undervisninga si funksjon og omkring relasjonen mellom lærar og elev

Emnet skal til liks med DIDAFIL1 (Filosofididaktikk 1) føre fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt endrings- og utviklingskompetanse.

Dei praktiske sidene ved didaktikken vert sikra gjennom sjølve studieopplegget med seminar, obligatoriske aktivitetar og praksis i skulen.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

For å få tilgang til emnet må studenten være tatt opp ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar

Krav til studierett

For å få tilgang til emnet må studenten være tatt opp ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Krav til forkunnskapar

DIDAFIL1 (Filosofididaktikk 1), PEDA101 (Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Undervisning og omfang

Seminar med obligatorisk deltaking og arbeidskrav: 2 timer per uke i 7 uker.

Nettbasert diskusjon og rettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

For dei som vel prosjektoppgåve:

  • Utkast til ei prosjektoppgåve. Utkastet må vere på minimum 1500 ord
  • Drøfting av oppgåva i plenum
  • Individuell rettleiing

For dei som vel munnleg eksamen:

  • For å kunne gå opp til eksamen i DIDAFIL2 må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semesterplanar.

Vurderingsformer

Vurdering som omfattar:

Anten:

1) Prosjektoppgåve som er korrigert ut frå fremlegging i plenum og individuell rettleiing (sjå obligatoriske aktivitetar). Oppgåva skal vere på omlag 5000 ord.

Eller:

2) Munnleg eksamen som tek utgangspunkt i prosjektoppgåva (sjå obligatoriske aktivitetar).

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Læremiddelomtale

Pensumet er samansett av innføringsverk og/eller artiklar som tek føre seg ulike sider ved emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no