Hjem

Utdanning

Årsstudium

Geografididaktikk 2

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDAGEO2
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksis ved ein skule i Bergensområdet.

Mål og innhald

Skulefaget geografi tek føre seg natur og samfunn i eit romleg perspektiv og endringar over tid.

Studiet i fagdidaktikk for geografi tar sikte på å gjere studentane skikka til undervisning i geografi i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet tar utgangspunkt i ulike geografiemne av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser ofte desse i samanheng. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.

Sentralt i faget står bruk av kart både i papirbasert og elektronisk form. Studiet i geografididaktikk skal også gjere lærarane vakne for geografirelaterte hendingar og i stand til å møte og bruke endringane og utviklinga i vår omskiftelege verd.

Læringsmål

Studenten skal:

  • nyttiggjere seg det romlege perspektiv i planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • gjere greie for, prøve ut og reflektere over ulike måtar elevane kan trekkjast med i planlegging, val av arbeidsmåtar og vurdering av undervisninga
  • bruke og vurdere hensiktsmessige og varierte arbeidsformer med utgangspunkt i læreplanverk, lærestoff og elevane sine behov, føresetnader og interesser
  • praktisere bruk av lokalmiljøet og lokalsamfunnet i og utanfor klasserommet
  • bruke varierte former for rettleiing i og vurdering av geografiundervisninga, også ved bruk av mapper og IKT
  • stimulere elevane sine evner til å reflektere over eige læringsarbeid i geografi
  • gjere greie for korleis kompetansemål i faget som kunnskapar, ferdigheiter og haldningar kan klassifiserast i taksonomiar, og bruke desse på elevane sine arbeid med tanke på utvikling av elevane sin heilskaplege kompetanse
  • kjenne til vurderings- og eksamensordningar i dei ulike skuleslaga, kunne lage oppgåver i tråd med desse og bruke relevante arbeidsformer i det daglege arbeidet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
  • kan drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
  • kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
  • kan bruke varierte og relevante metoder i den obligatoriske geografiundervisning i den videregåande skule og tilpasse opplæringen i faget, slik at den tar hensyn til elevens faglige nivå, interesse og evne til kritisk tenkning
  • kan gi underveis- og sluttvurdering, informere om måloppnåelse og faglege vurderingar
  • kan leie og motivere elever både i natur- og samfunnsgeografisk fagleg arbeid
  • kan bidra til å skape konstruktive og inkluderende læringsmiljø
  • kan gjere greie for, drøfte og samanlikne geografiundervisning i ungdomskule og i videregåande skule

Generell kompetanse

Studenten

  • kan grunngje geografifaget sin plass som obligatorisk og valbart skulefag
  • kan forklare og grunngje geografifaget som eit dagsaktuelt og demokratibyggjande fag
  • kan analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Geografididaktikk 2 (DIDAGEO2) byggjer på bacheloreksamen eller mastergradseksamen der geografi inngår på minst 100-nivå, Geografididaktikk 1 (DIDAGEO1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Krav til studierett

Kurset er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

1 førelesingar, seminar, øvingar á 2 timer pr. veke. Totalt 20 timer

Veker totalt: 10

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske aktiviteter i DIDAGEO 2

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding skal det veljast eksamensform slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum tilsvarer omlag 375 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi v/ Odd Inge Steen: Odd.Steen@geog.uib.no eller Studieveileder@geog.uib.no