Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Historiedidaktikk 1

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet retter seg særlig mot historieundervisning i ungdomsskolen, og tar opp grunnleggande problemstillingar knytt til historieundervisning i skulen, samt relevante historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar som følgjer av dette. Studentane skal bli kjende med ulike undervisningsformer i historie, og utvikle ferdigheiter i å planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over eigen undervisning på bakgrunn av relevant historiedidaktisk forsking.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten kjenner til grunnleggande problemstillingar knytt til historieundervisning i skolen, samt relevante historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar. Vidare kjenner kandidaten til ulike undervisningsformer i historie, læreplanen i faget og historiefagets utvikling i norsk skule.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan drøfte aktuelle problemstillingar knytt til historieundervisninga i skulen i lys av ulike historiedidaktiske omgrep og tenkjemåtar, samt planlegge, gjennomføre og kritisk reflektere over eigen undervisning basert på dette. Vidare kan kandidaten vurdere fordeler og ulemper ved ulike undervisningsformer, og tolke læreplanen i høve til opplæringa sine overordna mål og verdiar.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan konkretisere målsettingane for historieundervisning på ein sjølvstendig og fagleg kvalifisert måte, og har utvikla evne til å reflektere over og vurdere eigne undervisningsval.

Krav til forkunnskapar

Opptak til PPU og avlagte 60 studiepoeng i historie (årsstudium historie)

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAHIS1 kan studentane bli pålagt inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to tekstar, kvar på 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på om lag 500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    19.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    05.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen