Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Historiedidaktikk 2

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet bygger vidare på DIDAHIS1, og retter seg særleg mot historieundervisning i vidaregåande skule. Emnet tar opp historieundervisningas innhald og målsettingar i lys av ein breiare samfunnsmessig og historiekulturell kontekst. Historieundervisningas samfunnsmessige funksjon og danningspotensial vil difor stå sentralt. I forlenginga av dette vil emnet ta for seg ulike vurderingsformer i historie, samt relevante undervisningsmetodar knytt til bruk av digitale verktøy.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten kan gjere greie for historiefagets samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og drøfte relevante problemstillingar dette reiser når det gjeld historieundervisningas innhald og målsettingar. Kandidaten kjenner dessutan til læreplanen i faget, ulike vurderingsformer i historie, og ulike metodar for å anvende digitale verktøy i historieundervisninga.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan drøfte relevante problemstillingar knytt til historieundervisningas samfunnsmessige funksjon og danningspotensial, og bruke dette i planlegging av eiga undervisning. Kandidaten kan også bruke ulike vurderingsformer, samt ulike metodar for bruk av digitale verktøy i historieundervisninga.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan konkretisere målsetjingane for historieundervisninga i vidaregåande skule på en sjølvstendig og fagleg kvalifisert måte, og har innsikt i historieundervisningas funksjon i ein brei samfunnsmessig og historiekulturell kontekst.

Krav til forkunnskapar

2 av 3 emner samt praksis i første semester av PRAPED må vere greidd for at studenten skal kunne halde fram på andre semester.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAHIS2 kan studentane bli pålagt å gjere inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Studenten vel vurderingsform (eksamensform) når han/ho opprettar vurderingsmelding på studentweb.

Studenten skal ta prosjektoppgåve i sitt eine fagdidaktiske emne og munnleg eksamen i sitt andre fagdidaktiske emne (fag 1 og fag 2).

Det er høve til å søke om og bytte vurderingsform i de to emna (fag 1 og fag 2). Informasjon om frist og søknadsskjema finner du på Mitt UiB.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet, og er på omlag 500 sider. 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen