Italienskdidaktikk 2
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 7,5 |
| Undervisningssemester | Haust og vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og italiensk
Krav til forkunnskapar
Italienskdidaktikk 1 (DIDAITAL1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i italienskfagets kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og legitimering i fortid og notid. Dei skal sette seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne sjå desse i høve til arbeidet med å fremje alle elevar si læring i italiensk. Studentane skal kunne vurdere italienskundervisninga ut frå krava i nasjonal læreplan og elevane sine læringsmåtar. Studentane skal utvikle evna til å planleggje og sette i verk læringssituasjonar som legg til rette for den enkelte elev si språklæring på ein formålstenleg måte og ut frå dei mål som er nedfelte i læreplanen. Dei skal utvikle evna til å støtte elevane i deira arbeid med å lære italiensk og lære å lære. Studentane skal kunne vurdere elevane si læring i italiensk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk og italiensk
Studienivå
Praktisk pedagogisk utdanning
Institutt
Institutt for framandspråk
Krav til studierett
Opptak til PPU
Mål og innhald
Fagdidaktikk i italiensk inngår som ein del av italiensklærarutdanninga på universitetet.
Sentralt i emnet er spørsmål knytt til korleis ein som italiensklærar kan leggje til rette for alle elevar si italiensklæring. Eit grunnleggjande spørsmål er kva det vil seie å kunne italiensk i dagens samfunn. Spesielt viktig er det å utvikle innsikt i læring i italiensk som mangfaldige og individuelle prosessar.
Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein kunnskapsteoretisk samanheng for alle språkfaga og tydeleggjere felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet består av fire målområde:
- Fagets eigenart og utvikling
- Teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring
- Det å leggje til rette for italiensklæring og utvikling av elevane si innsikt i eiga læring
- Lærarstøtte og vurdering
Læringsutbyte/resultat
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i italienskfagets kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og legitimering i fortid og notid. Dei skal sette seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne sjå desse i høve til arbeidet med å fremje alle elevar si læring i italiensk. Studentane skal kunne vurdere italienskundervisninga ut frå krava i nasjonal læreplan og elevane sine læringsmåtar. Studentane skal utvikle evna til å planleggje og sette i verk læringssituasjonar som legg til rette for den enkelte elev si språklæring på ein formålstenleg måte og ut frå dei mål som er nedfelte i læreplanen. Dei skal utvikle evna til å støtte elevane i deira arbeid med å lære italiensk og lære å lære. Studentane skal kunne vurdere elevane si læring i italiensk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse.
Krav til forkunnskapar
Italienskdidaktikk 1 (DIDAITAL1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Undervisning og omfang
Fagdidaktikken skal relaterast både til praksis i skolen og til fagstudiet.
Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon av og / eller framlegging av eigne arbeid.
Studentane får tilbakemelding frå medstudentar og rettleiing frå lærarar på arbeida sine.
Forelesing 18 timar
Seminar 6 timar
Totalt 24 timar
Praksis inntil 5 dagar pr veke/ inntil 7 veker, totalt 60 timar
Obligatoriske arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen i italiensk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført minst 2 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semesterplanar.
Vurderingsformer
Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve eller ein munnleg eksamen, begge med utgangspunkt i digital prosessmappe.
Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på ca 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege eksamen varer i ca 30 minutt.
Karakterskala
Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum tilsvarer ca. 375 sider av normal vanskegrad knytt til fagets læringsmål. Av desse eit utval sider sams for alle språkfaga. Studentane vel eit visst tal sider knytt til spesialiseringa i samråd med faglærar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no