Hjem

Utdanning

Årsstudium

Fagdidaktikk i psykologi første semester

Mål og innhald

Emnet er ein introduksjon til psykologifaget i skolen og tar opp tema som danning, læreprosessar og byrjande tilrettelegging av psykologiundervisinga. Faget psykologi i skolen skil seg frå vitskapsfaget psykologi i den forstand at det er eit allmenndannande fag, psykisk helse står sentralt samt at faget skal være med på å utvikle elevens kompetanse som kan danne grunnlag for deltaking i samfunns- og yrkesliv og for vidare studiar.

Emnet har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisingsfag slik at studentane opparbeider kunnskap til å tenke kritisk gjennom faget sin forankring i vitskapsfaget og i planverket, fagets danningspotensiale, læremiddel og korleis en kan legge til rette for elevenes læring i psykologifaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Studenten¿

  • Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til å analysere og vurdere den generelle og de fagspesifikke delane i samanheng
  • Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
  • Har god kunnskap om psykologididaktiske begrep og modellar

Studenten¿

  • Kan anvende sin faglige kunnskap til å omsette læreplanverkets målsetningar for den generelle og de fagspesifikke delane til praksis slik at måla kan bli innfridd
  • Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmåtar og oppgaveformar i samsvar med elevene sitt nivå og forutsetningar
  • Kan anvende faglig og fagdidaktisk kunnskap på praktiske problemstillingar og treffe begrunna val

Studenten¿

  • Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglige og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • Kan bygge relasjonar til elever og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for utviklinga og ivaretakinga av psykologifaget og feltet
  • Kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til økt innsyn i samfunnets tilrettelegging av barn og unge sine oppvekstforhold.

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng fordjupning i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet vil kombinere forelesingar med seminar, gruppediskusjonar, studentframlegg og oppgåveskriving fordelt på 10 økter på 2x 45 minutt kvar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på forelesingar og seminar (minimum 80% oppmøte).

Møte opp til alle seminar som tar for seg studentfremlegging av undervisningsopplegg.

Skrive kort refleksjonsnotat knytta til to av de ulike tema som tas opp. Refleksjonsnotatet vil bli lagt fram i seminargruppa og dannar utgangspunkt for diskusjon.

Forberede to undervisningsopplegg som vil bli lagt fram på seminara

Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia eksamensmappe satt saman av to tekstar og eit refleksjonsnotat. Mappa skal ha eit omfang på omlag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Sjå eigne retningslinjer. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Litteraturliste

Litteraturlista er satt saman av omlag 375 sider og vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktas her:Studieveileder.psyfa@uib.no

Studieveileder.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Innleveringsfrist
    19.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    05.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Delteke

    • Eksamensdel: Refleksjonsnotat

    • Eksamensdel: Presentasjon og tilbakemelding