Hjem

Utdanning

Årsstudium

Fagdidaktikk i psykologi andre semester

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDAPSYK2
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Mål og innhald

Emnet bygger på DIDAPSYK1 og vil gi ei djupare forståing av psykologifaget i skolen gjennom tema som vurdering, klasseleiing og omfattande tilrettelegging av psykologiundervisinga. Det blir slik sett også ei innføring i og drøfting av de praktiske grepa studentane kan nytta for å nå kompetansemåla slik de er beskrive både i den generelle delen av læreplanen og i programfaga Psykologi1 og Psykologi2.

Emnet har som mål å vidareutvikla kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag, som beskrive i DIDAPSYK1. I modulen DIDAPSYK2 vil denne refleksjonen og kompetansen omhandle dokumentasjon og justering av eigen praksis og tilrettelegging for og vurdering av elevene si læring i psykologifaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • Har brei kunnskap om faglege og fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som undervisningsfag
  • Har kunnskap om og kan drøfte elevane sine kvardagsforestillingar om psykologi og overgangen til faglig tilnærming og innsikt

Ferdigheiter:

Studenten

  • Kan reflektere over den faglige og fagdidaktiske utøvinga av eigen lærarpraksis og justere denne
  • Kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i psykologifaget, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremmande tilbake- og framovermeldingar og bidra til at elevene kan reflektere over eiga læring og eigen fagleg utvikling i psykologi
  • Kan nytta digitale verktøy i psykologiundervisinga, planlegginga og kommunikasjonen og rettleia elevane i digital kompetanse

Generell kompetanse:

Studenten

Kan vurdere og drøfte psykologifaget sin stilling i skolen i forhold til andre fag, opplæringslova sine mål og utdanningspolitiske ideologiar

Kan legitimere psykologifagets plass i skolen overfor elevar, foreldre, kollegaer og andre

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng fordjupning i psykologi

Psykologididaktikk 1 (DIDAPSYK101), Pedagogikk første semester (PEDA101) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet vil kombinere forelesningar med seminar, gruppediskusjonar, studentframlegg og oppgåveskriving fordelt på 10 økter på 2x 45 minutt kvar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på forelesingar og seminar (minimum 80% oppmøte).

Møte opp til seminar som tar for seg studentframlegg av undervisningsopplegg.

Skrive kort refleksjonsnotat knytta til to av de ulike tema som tas opp. Refleksjonsnotatet skal leggas fram i seminargruppa og dannar utgangspunkt for diskusjon.

Forberede to undervisningsopplegg som skal leggas frem på seminara

Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding vert eksamensform valt slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre.

Fullført prosjektoppgåve gjeld for tre semester, inkludert det semesteret studenten påbegynte og fullførte den aktuelle oppgåva

Litteraturliste

Litteraturlista er satt saman av omlag 375 sider og vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studieveileder.psyfa@uib.no

Studieveileder.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10