Hjem

Utdanning

Årsstudium

Fordjupningsemne i psykologi fagdidaktikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDAPSYK2B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk 2 er ein del av andre semester i den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU). Fagdidaktikk omfattar refleksjonar kring eit fag og undervising i faget. Fagdidaktikken i ulike fag vil ha ulik profil, men ein del sentrale problemstillingar er felles, slik som spørsmål om danning, innhald og metode knytt til kunnskapsutvikling innan faget. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon. Ein del av fagdidaktikken blir dermed også dei praktiske grepa, metodane og teknikkane ein kan nytte i undervisninga i eit fag. Fagdidaktikken tilbyr både innføring i slik metodikk, og problematisering og drøfting av denne.

Studiet i fagdidaktikk for psykologi skal gje studentane grunnlag for å undervise i psykologi i grunnskulen og vidaregåande skule, både som delemne i større fag og som eige fag.

Psykologisk forsking dekkjer ei rekkje ulike emneområde med til dels særs ulike metodiske tilnærmingar og vitskapsteoretiske problem. Som heilskap søkjer psykologifaget kunnskap om og forståing av dei fleste aspekt ved menneskeleg åtferd, oppleving og samhandling.

Psykologifaget i skulen er ut frå sin eigenart eigna til å utvikle refleksjon over - og realisering av - måla i den generelle delen av læreplanen. Denne legg vekt på at undervisninga tar sitt utgangspunkt i eleven sine føresetnader og søkjer å utvikle eleven sin eiga vekst og sosialisering. Alt dette er tradisjonsrike forskingsfelt innan psykologi. Undervisninga i psykologi gir difor store mogleikar for å gje eleven auka sjølvinnsyn og forståing for mellommenneskelege relasjonar som eit ledd i personleg utvikling og danning.

Læringsutbyte

Studenten skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i høve til:

 

Læraren og eleven

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i å velje og vurdere lærestoff, læremidlar, arbeidsmåtar og oppgåveformer i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnader

utvikle dugleik i vurdering av elevprestasjonar i psykologi både med og utan karakter og kunne nytte taksonomier

Kunnskap:

kunne nytte psykologisk teori som reiskap til innsyn i elevane sin situasjon i og utanfor skulen

ha kunnskap om og kunne drøfte elevane sine kvardagsførestillingar om psykologi og overgangen til fagleg tilnærming og innsyn

ha kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som skulefag

Generell kompetanse:

kunne kritisk vurdere og nytte IKT i psykologiundervisninga

Læraren og skulen

Studenten skal:

Ferdigheiter:

utvikle dugleik i tverrfagleg samarbeid

Kunnskap:

ha kunnskap om læreplanverket i skulen og utvikle evne til å analysere og vurdere både generell del og fagspesifikke delar

Generell kompetanse:

utvikle evne til å delta i ulike former for utviklingsarbeid

Læraren og samfunnet

Studenten skal:

Generell kompetanse:

kunne vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skulen i høve til andre fag, opplæringslova sitt mål og utdanningspolitiske ideologiar

kunne legitimere psykologifaget sin plass i skulen ovanfor elevar, foreldre, kollegaer og andre

kunne drøfte korleis psykologiske forklaringsmåtar kan hjelpe til auka innsyn i samfunnet si tilrettelegging av born og unges oppvekstforhold

utvikle evne til kritisk refleksjon om psykologifaget i høve til etiske og samfunnsmessige spørsmål

Krav til forkunnskapar

Fordjuping i psykologi fagdidaktikk andre semester (Didapsyk2b) byggjer på fageksamen frå universitet eller høgskule med minimum 60 studiepoeng fordjuping. Fordjuping i psykologididaktikk 1b (Didapsyk1b), Pedagogikk første semester (Peda101) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Krav til studierett

Praktisk pedagogisk utdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir organisert i førelesingar/seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing. Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Omfang på førelesningar/seminar:

Antall veker: 7-8

Antall timar: 40

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

  • Delta på førelesningar/seminar (80 % frammøte)
  • Gi skriftlig tilbakemelding på en annan student sin tekst
  • Gjennomføre minst to presentasjonar på seminara (individuelt eller i gruppe)

Vurderingsformer

Studenten skal ha to ulike vurderingsformer som blir slått saman til ein karakter med ulik brøk:

Munnleg eksamen (40%)

Prosjektoppgåve (60%)

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Litteraturliste

Anbefalt litteratur er satt saman av om lag 700 sider (der om lag 375 er obligatoriske og 325 sider kan veljast fritt i tilknyting til prosjektoppgåva).

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert kvart tredje undervisningssemester.

Institutt

Institutt for Pedagogikk, Det psykologiske fakultet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no