Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fagdidaktikk i religionsvitskap 1 (for vidaregåande skule)

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studenten skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing. Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget i vidaregåande skule.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

¿ kan gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk

¿ har kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysere dei kritisk

¿ kan forklare utfordringar med religionsfagas plass i skolen

Ferdigheiter

Studenten

¿ kan planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg i religions- og livssynsfaget på vidaregåande trinn

¿ kan bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk rundt eigen og andre si undervisning

¿ kan fagleg grunngje val av ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på vidaregåande trinn

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaget på vidaregåande trinn med utgangspunkt i fagleg kunnskap

¿ kan utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse

¿ kan nytte fag- og fagdidaktisk kunnskap til å kritisk reflektere over profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål

Krav til forkunnskapar

Minst 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med RELDI 111

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen med minimum 60 studiepoeng i religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL 1 vert knytt til praksis på 7 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

¿ Obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga. Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling.

¿ Munnlegg presentasjon av gruppearbeid

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Semesteroppgåve, om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    19.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    05.12.2017