Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fagdidaktikk i religionsvitskap 2 (for ungdomstrinnet)

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal vidareutvikle studentane si erfaringsbaserte kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studentane skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing. Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget på ungdomstrinnet. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk
  • har kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysere dei kritisk
  • kan gjere greie for historia til religions- og livssynsfaga i Noreg, og diskutere faga i ein større internasjonal samanheng

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre undervisningsopplegg i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet
  • kan bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk rundt eigen og andre si undervisning
  • kan bruke og fagleg grunngje val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på ungdomstrinnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet med utgangspunkt i fagleg kunnskap
  • kan med stor grad av sjølvstendighet utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og slik kunne bidra til å fornye kompetansen i religions- og livssynsfaga i skulen
  • kan nytte fagkunnskap til å byggje relasjonar til elever og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Krav til forkunnskapar

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning med minimum 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Eksamen i DIDAREL1 må vere avlagt før DIDAREL2.

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med RELDI 112

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen med minimum 60 studiepoeng religionsvitskap/religionshistorie frå universitet eller høgskole.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL2 vert knytt til praksis på 7 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga. Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling.
  • Leggje fram eige undervisningsopplegg samt kommentere medstudentar sitt undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen.

Munnleg eksamen har to døgns forberedingstid. Ved oppmelding vel studenten eksamensform slik at ein tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er mogleg å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

  • Vurderingsordning: Prosjektoppgåve

    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen