Hjem

Utdanning

Årsstudium

Samfunnskunnskapsdidaktikk 1

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dei grunnleggjande spørsmåla i fagdidaktikken handlar om kva skulefaget samfunnskunnskap har vore og kan vere og korleis læraren kan presentere og planleggje innhaldet i faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.

Skulefaget hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå pedagogikken og dels frå det tankegodset som skulen sine læreplanar er tufta på. For det første handlar det om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvare tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møte samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiserande dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt.

Undervisninga i DIDASAK1 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å planlegge, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten har inngående kunnskaper om

  • ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som samfunnsmedlemmer
  • samfunnskunnskapen sin plass i læreplanverket i vidaregåande skule og på ungdomssteget.
  • Prinsipp og viktige omsyn i strukturering og planleggingav undervisning

Ferdigheter

Studenten kan

  • drøfta og vurdera ulike sider ved faget i samarbeid med andre og utvikla eigen fagdidaktisk ståstad og praksis
  • drøfta og vurdera tilhøvet mellom utdanningspolitiske mål og retningsliner og klasseromspraksis
  • diskutera målsettinga for faget ut frå faget sitt demokratiske danningspotensial og faget sin funksjon i samtida
  • planleggje og gjennomføre undervisning basert på fagdidaktisk og disiplinfagleg kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ta heilskapleg ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
  • nyttiggjera seg fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for å velje arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer som i størst mogleg grad er tilpassa eleven sine føresetnader.
  • inngå som reflektert medlem i eit lærarkollegium med eigen fagdidaktisk ståstad

Krav til forkunnskapar

Kvalifikasjonsgrunnlaget for samfunnsfagsdidaktikk i den praktisk-pedagogiske utdanninga ved UiB er som fylgjer:

Alternativ 1

Studenten tar 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fylgjande fagområde. Kravet til kombinasjon av emne tilsvarar årsstudiet i faget :

Alternativ 2

Studenten tar 30 studiepoeng fordjuping innan eitt av faga:

Samanliknande politikk: (vel emne som samla blir minst 30 studiepoeng): SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107 og MET102

Sosiologi: (vel 2 emne): SOS101, SOS103 og MET102

Administrasjon og organisasjonsvitskap: (vel 2 emne): AORG104, AORG103, AORG107 og AORG101/MET102 (AORG101 og MET102 kan inngå i fordjupinga, men berre eit av emna)

Sosialantropologi (vel 2 emne): SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105

I tillegg kan studenten fritt velja 30 studiepoeng frå emne som inngår i fylgjande årsstudier:

I tillegg vert fylgjande emne i samfunnsøkonomi godtekne: ECON110 (10 sp), ECON130 (10 sp), ECON210 (10 sp) og ECON230 (10)

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal vere relatert til praksis i skulen.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte tidsrom utanom praksisperioden. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 100% obligatorisk deltaking på ein undervisningsverkstad som vert arrangert om lag midtvegs i praksisperioden. Godkjend deltaking på undervisningsverkstad føreset framlegging av eit undervisningsopplegg til diskusjon og at ein kommenterer ein annan student sitt framlegg.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein munnleg eksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til praksis.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 375 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskapelege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen

studieveileder@svfa.uib.no

 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    12.12.2017–14.12.2017
    Oppmøte
    15 minutter før
    Trekkfrist
    28.11.2017