Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Spanskdidaktikk 1

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeDIDASPA1
  • Talet på semester1
  • SpråkSpansk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor eller master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av universitetet si spansklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i spansk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis spanskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskaps-teoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet består av fire målområde:

  • Faget si legitimering i skolen i dag
  • Teoriar om språklæring
  • Planlegging av undervisning og tilrettelegging for spansklæring
  • Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i spansk.

Kunnskapar

Kandidaten ...

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i spansk

Ferdigheiter

Kandidaten ...

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over spanskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • Kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i spanskfaget i relasjon til læreplanen for faget, og kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori.
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling og kan vurdere elevane sitt læringsutbytte,
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av spanskfaget
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten ...

  • Kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • Har utviklet innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
  • kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i spansk, irekna den digitale kompetansen.
  • kan undersøkje og drøfte spansklæring i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 studiepoeng i spansk.

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Om lag 24 timar undervisning inkl. om lag fire timar fellesundervisning i språkdidaktikk

- Rettleiing og skulebesøk

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgande aktivitetar:

  • ha tatt aktivt del i ein forumdiskusjon på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksiserfaringar og fagdidaktisk teori (f.eks. praksislogg e.l.)
  • ha lagt fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.

Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.

Det er obligatorisk frammøte på minst 75 % av undervisinga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein 7-dagars heimeeksamen med oppgitt tema. Det skriftlege arbeidet skal ha eit omfang på ca. 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Ein kan nytta norsk eller spansk.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i spansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Innleveringsfrist
    19.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    05.12.2017