Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Tyskdidaktikk 1

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor eller master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av universitetet si tysklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane si kompetanseutvikling i tysk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere tyskfagleg kunnskap til det å vere tysklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å tilretteleggje for språklæringa til elevane.

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å understreke ein felles kunnskapsteoretisk samanheng og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

- Tyskfaget i skolen før og no

- Teoriar om språklæring

- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for tysklæring

- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i tysk.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i tysk som dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i tysk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over tyskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i faget i relasjon til læreplanen for faget
  • kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • har utvikla innsikt i tyskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
  • kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i tysk, irekna den digitale kompetansen
  • kan undersøkje og drøfte tysklæring i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 studiepoeng i tysk.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Om lag 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar. Av desse er om lag fire timar fellesundervisning i språkdidaktikk.

Rettleiing og skolebesøk

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDATYS1 må studentane ha gjennomført minst to av tre obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar.

1. Intervju med tyskelevar

2. Presentasjon av undervisningsopplegg

3. Skriftleg arbeid som drøftar ei tyskdidaktisk problemstilling

Vurderingsformer

Eksamensforma er rettleidd mappevurdering. Eksamensmappa skal innehalde to korte tekstar eller ein lengre tekst som til saman har eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i tysk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    19.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    05.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen