Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Tyskdidaktikk 2

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDATYS2
  • Talet på semester1
  • SpråkTysk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av tysklærerutdanninga ved universitetet. Tyskdidaktikk 2 (DIDATYS2) er ei vidareføring av Tyskdidaktikk 1 (DIDATYS1).

Sentralt i Tyskdidaktikk 2 er spørsmål knytte til korleis ein som tysklærar kan leggje til rette for tysklæringa til alle elevar og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein sams kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på sams dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

  • Faget sin eigenart og utvikling
  • Teoriar om kommunikasjon, kultur og språklæring
  • Tilrettelegging for tysklæring, vurdering og utvikling av elevar si innsikt i eiga læring
  • Læraren som forskar i eiga undervisning

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i tyskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om kommunikasjon, kultur og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i tysk og generelt til å vidareutvikle eigen kompetanse i tyskdidaktikk.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i tysk som kultur-, dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere tyskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar
  • har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei mål som er nedfelte i læreplanane
  • har utvikla evne til å støtte elevane i arbeidet med å lære tysk og lære å lære
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av tyskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i tysk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
  • kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i språkdidaktikk
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere greie for tyskfaget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
  • kan undersøkje og drøfte tysklæring i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i tysk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning

Krav til forkunnskapar

DIDATYS2 byggjer på DIDATYS1, pedagogikk i første semester (PEDA101) samt greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- om lag 24 timar undervising fordelt mellom førelesingar og seminar

- rettleiing og skolebesøk


Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDATYS2 må studentane ha gjennomført minst to av tre obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar.

1. Munnleg presentasjon og drøfting av tyskdidaktisk artikkel.

2. Presentasjon av eige forskingsprosjekt knytt til praksis.

3. Skriftleg arbeid som drøftar ei tyskdidaktisk problemstilling.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er anten ei rettleidd oppgåve som drøftar studenten sitt forskingsprosjekt i praksisperioden eller ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten kort presentere forskingsprosjektet sitt og deretter reflektere kring spørsmål knytt til pensum i tysk fagdidaktikk. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre.

Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege eksamen varar om lag 30 minutt. Eksamensspråket er norsk eller tysk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga. I samråd med faglærar kan studentane velje eit visst tal sider knytt til oppgåva.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i tysk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.09.2017
  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen