Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den kreative og estetiske delen av Digital kultur, og bør takast i første spesialiseringssemester. Det kompletterer Dikult104.

Emnet er delt i tre område som kastar lys over kunstuttrykk og kulturelle artefaktar på ulike måtar, men som like fullt høyrer tett saman.

Desse kunstuttrykk og kulturelle artefaktar er særeigne for nettet og datamaskina, særleg databasert kunst og nettverkskunst, elektronisk litteratur og dataspel. Digital kultur gjer det naudsynt å tenkje nytt omkring tradisjonell forståing av sjangrar som kunstverk, performance, roman, dikt og spel. Samstundes veks det fram nye sjangrar og former for kulturelle artefaktar. Desse krev nye modellar for analyse, spesifikke for datamaskina som medium og for nettverkskonteksten som desse artefaktane er produsert og distribuert i. Emnet gir eit oversyn over desse nye sjangrane og ei innføring i modellar for akademisk diskurs og analyse som er særeigne for dei. Innanfor ei generell ramme av sjangerforståing vil studentane lære å analysere digitale artefaktar i samtida, både strukturelt og som tekst, bilete og hending.

Emnet byggjer på sjangerforståing og ferdigheit i akademisk skriving frå introduksjonskurset, og leiar over til blant anna Dikult203 og Dikult208.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om samtidas sjangrar innan digital og nettverksbasert kunstpraksis, elektronisk litteratur og dataspel
  • om sentrale teoretiske konsept innan digitale og nettverksbaserte kunst- og underhaldingssjangrar

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • samanlikne og kontrastere digitale sjangrar med kvarandre og med dei analoge sjangrane dei slektar på
  • ta i bruk narratologiske og ludologiske konsept i analysar av digitale verk
  • skildre digitale artefaktar slik som dataprogram og tekstar

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • delta i faglege diskusjonar i ein forelesing på ein trygg og hensiktsmessig måte

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
DIKULT101
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i digital kultur og utvekslingsstudentar. Andre studentar på bachelor- og masterprogram ved Det humanistiske fakultet kan søkje om å få ta kurset dersom det er ledig kapasitet (via e-post til studieveileder@lle.uib.no). Etter registreringsfristen (1. februar), vil eventuelle ledige plassar bli fordelte via loddtrekking mellom søkjarar som har deltatt i undervisinga som ordinære studentar med dei førebuingane det medfører.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde to førelesningar på to timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet tidleg i semesteret.

Forelesingane er student-aktive, og vil som oftast vere ein kombinasjon av korte foredrag frå forelesar, diskusjonar i smågrupper, presentasjonar av gruppearbeid frå studentane, plenumsdiskusjonar og arbeid i datalab kor ein utforskar medieobjekta i grupper.

Studentane skal lese oppgitt pensum i forkant av forelesingar, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt leksar i tillegg til lesing, til dømes å gjere seg opp ei meining om påstandar i ein tekst, aktualisere faglitteraturen ved å jamføre denne med aktuelle hendingar, skrive ein kort tekst, delta i ein diskusjon på nettet eller finne døme på visse typar spel, elektronisk litteratur eller digital kunst.

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, seminar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Det vert forventa at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesing og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere fem obligatoriske oppgåver gjennom semesteret, som til dømes kortare skriftlege arbeid, kreativt samarbeid og korte presentasjonar. Oppgåvene må følge akademisk standard for mellom anna argumentasjon og sitering og må leverast til fastsette tider. Oppgåvene er anten greidde eller ikkje greidde. Resultatet vil vere klart i god tid før eksamen. Ved resultatet "ikkje greidd" kan studenten få eitt forsøk til. Studenten må halvvegs i semesteret greie ein breiddetest med spørsmål frå heile pensum, til dømes ei fleirvalsprøve der bruk av pensumlitteratur vert tillate. Form og dato for denne prøva vert annonsert ved semesterstart. Prøva er anten godkjend eller ikkje godkjend. Prøva må vere godkjend før ein får ta eksamen.

Vurderingsformer

Kurset vert avslutta med ein heimeeksamen på sju dagar om lag 4000 ord som skal dekkje djupna i kurset sitt læringsinnhald. Det kan bli gitt fleire spørsmål frå dei ulike kursdelane. Alle delspørsmåla må vere greidde for å få ein karakter. Det blir berre gitt éin karakter for eksamenen.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Studentane skal lese artiklar og bøker om digital kunst, elektronisk litteratur og dataspel, og skal i tillegg gjere seg godt kjende med eit utval døme på verk innan kvar sjanger. Kva det vil seie å vere godt kjend med eit verk vil variere frå verk til verk. Nokre spel og nokre litterære verk kan ein spele eller lese i det uendelege, og då er det ikkje forventa at ein oppnår toppscore eller uttømmande lesing, men at ein har spelt eller lest verket i fleire timar. Ein bør kunne beskrive og analysere verket og ha lest analysar av det frå pensum. Vi forventar også at studentar sjølv oppsøkjer relevant stoff på nettet om sjangrane.

Nokre delar av det skriftlege pensumet skal ein kjøpe, mens andre delar er gratis tilgjengelege på nett. Dei litterære verka, kunstverka og spela som studentane skal kjenne til eksamen er anten fritt tilgjengelege på nett, eller installert på PC-stua. I nokre tilfeller kan ein måtte kjøpe eit spel eller andre verk. Studentar treng ikkje å eige spelkonsoll eller anna spesialutstyr.

Ein vil også nytte læringsmiddel på nettet. Ein del av artiklane er tekne frå dei to artikkelsamlingane vi har valde for Digital kultur: Johns Hopkins Guide to Digital Media, og The New Media Reader.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk, med unntak av stoff om nordisk elektronisk litteratur, kor hovudteksten er på norsk med eit engelsk alternativ tilgjengeleg. Studentane kan i oppgåver og på eksamen nytte og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
Programstyret for digital kultur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium