Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Datateknologi: Historie, teori og praksis

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIKULT104
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk ved behov
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den praktiske og filosofiske delen av Digital kultur, og bør takast i første spesialiseringssemester. Det kompletterer Dikult103.

Emnet er delt i tre område som kastar lys over teknologiutviklinga på ulike måtar, men som like fullt høyrer tett saman.

I historiedelen lærer studentene om sjølve datamaskina, kva prinsipp som ligg til grunn for dei første maskinene, kva historiske, økonomiske og sosiale faktorar gjennom dei siste 80 åra som har påverka utviklinga hennar frå industriell spesialisert maskin til bærbar allemannseige.

I teoridelen ser vi nærare på nokre filosofiske spørsmål rundt teknologi: Om datateknologien har endra måten vi tenkjer på og strukturerer samfunnet på, om ein kan snakke om digital revolusjon, om informasjon er signal eller sanning, korleis menneske og maskiner sorterer informasjon og knytter han saman (informasjonsarkitektur), korleis hypertekst former vår forståing av samfunnet, kva meiningar det fins rundt tilgjenglegheit av programkode (open source), kva ein forstår med kunstig intelligens, og kvar han vert brukt. Studentane vert kjende med framtredande tenkjarar i Digital kultur, både historiske og samtidige.

Den praktiske delen speglar desse historiske og teoretiske spørsmåla på fleire vis. Studentane får jobbe med kretskort (Arduino), dei bruker tidleg programvare (BASIC), dei får innsikt i oppbyggjing og verkemåte av scriptspråk (Javascript), og dei får trening i å gjere tekstar maskinelt prosesserbare (XML).

Emnet byggjer på ferdigheit i akademisk skriving (jf. EXFACDK) og leiar over til både Dikult105 (her vert  informasjonsarkitektur, XML, Javascript tatt opp att) og Dikult106 (her vert etikk og samfunnsaspektet tatt opp att).

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidaten har kunnskaper ...

  • om datamaskina si utvikling
  • om sosiale og kulturelle faktorar som drivkraft i teknologiutvikling
  • om sentrale omgrep som t.d. informasjon, hypertekst, ontologi, taksonomi, kunstig intelligens
  • om teknologikritikken si historie
  • om logisk oppbygging av algoritmer

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • identifisere teknologiens innverknad på samfunnet og individets liv
  • drøfte bruk og konsekvensar av sosiale medier
  • analysere ein normalspråkleg tekst og kategorisere innhaldet slik at han kan brukast av algoritmer
  • identifisere delane i eit script og forstå deira hensikt
  • skrive ein mindre programbit
  • skrive ein mindre akademisk tekst om teknologihistorie eller -teori

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • forstå akademiske tekstar i Digital kultur og setje dei i samanheng med kvarandre
    • nytte strategiar for akademisk skrivinga

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

DIKULT101

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er fjorten veker med undervisning og to forelesingsfrie studieveker. Det er to aktivitetar i veka: ei fast forelesing, og anten ei forelesing, ein film, eller ei øving i programmering i datalab. I tillegg blir eit dagsseminar i handtering og programmering av maskinvare, til dømes Arduino. Forelesingsplanen er klar og nedlastbar på Mitt UiB ved semesterstart.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 3 før undervisninga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt leksar (løyse ei programmeringsoppgåve, gjere seg opp ei meining om påstandar i ein tekst, aktualisere faglitteraturen ved å jamføre denne med aktuelle hendingar, etc.).

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, seminar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Det vert forventa at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesing og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Studenten må levere ei oppgåve på omlag 800 ord om eit gitt tema til ei fastsett tid omtrent midtvegs i semesteret. Oppgåva må vere godkjend før studenten kan ta eksamen. Oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering (jf. introduksjonskurset). Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva i god tid før eksamen. Ho er anten godkjend eller ikkje godkjend. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.

Studenten må greie ein fleirvalsprøve på to timar med spørsmål frå heile pensum. Prøven blir halden i eksamensliknande omgjevnader. Dato for denne testen blir annonsert ved semesterstart. Han er anten godkjend eller ikkje godkjend.

Studenten skal vise og forklare ein fungerande, sjølvskreven kodebit i eitt av kode-/skript-/programmeringsspråka som blir tematisert i kurset, etter anvisning i laben. Faglærer formulerer oppgåva og godkjenner.

Vurderingsformer

Kurset vert avslutta med ein heimeeksamen på sju dagar på om lag 4000 ord som skal dekkje djupna i kurset sitt læringsinnhald. Det kan bli gitt fleire spørsmål frå dei ulike kursdelane. Alle delspørsmåla må vere greidde for å få ein karakter. Det blir berre gitt éin karakter for eksamenen.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A - F.
Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.

Litteraturliste

I historiedelen nyttar vi ei lærebok, ein film (eller fleire) som vert vist i undervisinga eller gjort tilgjengeleg på anna vis, og nedlastbare historiske videoklipp.

I teoridelen nyttar vi òg ei lærebok og diverse historiske og nyare artiklar som er nedlastbare på Mitt UiB, samt videoklipp og nettressursar (som quiz og spill).

I programmeringsdelen nyttar vi ein eller fleire tutorials og nettressursar rundt BASIC, Javascript, XML og XSLT. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til.

For Arduinokurset vert det delt ut eigenprodusert materiale og lenker til nettressursar.

Vi forventar at studenten kan setje alle ressursane i samanheng, bruke desse aktivt i førebuinga til eksamen og referere til dei på eksamen.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    03.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    12.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen