Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Webdesign I

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

NB! Oppmeldingsfristen for dette emnet er 18. august 2017. Du kan melda deg opp til emnet på http://studentweb.uib.no.

Dersom du ikkje har fått registrert deg innan hovudoppmeldingsfristen 18. august, kan du melde deg på emnet ved å sende e-post til Studierettleiar@lle.uib.no

Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den kodings- og formidlingsmessige delen av Digital kultur. Det tar opp att noko av kunnskapen og ferdigheitene tileigna i Dikult101 og Dikult104, og bør takast etter desse.

Emnet handlar om å ta dei gode og rette vala når informasjon og innhald skal tilretteleggjast for ulike brukargrupper på web. Vi legg vekt på beste praksis (god skikk) i alle aspekta i emnet: akademisk analyse, praktisk estetikk og praktisk koding. Undervisninga, aktivitetane og eksamensdelane vil kombinere desse aspekta, og støtte opp under hovudmålet å forstå korleis informasjon kan og bør ha ulike representasjonar på web.

Det analytiske aspektet inneber at studentane trener på den eine sida skarp observasjon av informasjonsarkitektoniske, designmessige og kodingsmessige grep i eigne, medstudentar sine og andre, offentlege nettstader; på den andre sida trener dei på å uttale seg om desse innanfor den akademiske sjangeren i feltet (skriftlege analysar med formelle krav til argumentasjon, sitering, illustrering etc.).

Det estetiske aspektet inneber at studentane trener på å forstå og nytte konvensjonar både i tradisjonell og i web-spesifisk design for å lage tenlege, tiltalande nettstader og fremkalle stemningar.

Det kodingsmessige aspektet inneber at studentane trener på å førebu tekstar til vising på nett slik at han kan bli korrekt lesen av maskiner og nettlesarar (semantisk koding), og å skilje innhald frå presentasjon (CSS).

Alle desse aspekta vert brukte i dei tematiske einingane skriving for web (korleis ein nyttar hypertekst og andre konvensjonar), informasjonsarkitektur (korleis ein kategoriserer innhald og skil mellom mentale modellar og ulike former for navigering), usability og brukartesting (korleis ein gjer webbruken effektiv), accessibility (korleis ein legg tilrette for at t.d. blinde kan lese informasjonen), responsivitet (korleis ein gjer ein nettstad fleksibel til å kunne brukast på fleire einingar samstundes).

Studentane får rikeleg høve til å bidra med nettstader og ressursar dei finn sjølve for å gi døme på god og dårleg skikk innan desse aspekta.

Nettstadene som vert produserte gjennom semesteret er statiske. Det er ikkje høve til å nytte serverside scripting eller database.

Emnet leiar over til Dikult205, kor kunnskapen og ferdigheitene vert utvida med forståing og bruk at programmerte, genererte nettstader og databaser og bruk av multimodalitet og retorikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar....

  • om bakgrunnskoding av moderne nettstader med HTML og CSS
  • om beste praksis i oppmerking av tekst og anna innhald
  • om organisasjonsstruktur på ulike nivåer i web design
  • om teoriar og konvensjonar i web design, t.d. rundt balanse, fargar, linjer
  • om kjende webdesignarar
  • om ulike måtar til å best formidle eitt gitt innhald tilpassa ulike brukargrupper

Ferdigheiter
Kandidaten kan...

  • skrive både HTML og CSS for å presentere både gitt og sjølvlaga innhald (tekst, bilete og andre medium)
  • bruke teoriar og konvensjonar til å skape design
  • kode nettstader for ulike brukargrupper
  • analysere design-grep og sjangertilhørigheit i moderne nettstader
  • skrive ein rapport rundt praktisk arbeid med ein nettstad med grunngjeving av vala som er gjort

Generell kompetanse
Kandidaten kan...

  • organisere gruppearbeid og forhandle om oppgåver og strategiar for å produsere eit best mogleg felles resultat
  • sjå kritisk på eige og andre sitt arbeid
  • presentere og forsvare eige arbeid for ei større gruppe under tidspress

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

DIKULT101, DIKULT104

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er fjorten veker med undervisning og ei forelesingsfri studieveke. Det er to aktivitetar i veka: ei forelesing på to timar, og ei praktisk øvingsøkt med assistent på tre timar. Nokre av forelesningane kan verte utvida i tid. Forelesingsplanen er klar og nedlastbar på Mitt UiB ved semesterstart.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 33 før undervisninga tek til.

Kurset har ei bratt læringskurve. Det er spesielt viktig at studentane møter førebudd frå og med første førelesing og frå og med første labtime. Dette inkluderer å følgje instruksane på Mitt UiB før undervisinga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt leksar (løyse ei mindre kodingsoppgåve, finne aktuelle døme på prinsipp som er skildra i faglitteraturen, etc.).

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og heimeeksamen, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til koding, lesing og skriving.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% for forelesningane og/eller øvingane må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Studenten må levere ein nettstedsanalyse på omlag 2000 ord. Tema og innleveringsdato for denne vert oppgitt ved semesterstart. Studenten er forplikta til å kommentere nokre andre studentar sine analysar (fagfellevurdering). Emneansvarleg godkjenner.

Studenten må delta i eit gruppearbeid. Tema og gruppesamansetjing vert fastlagt i løpet av semesteret. Emneansvarleg godkjenner. Innsikt frå dette gruppearbeidet skal inngå i semesterrapporten (sjå Vurderingsformer).

Det er obligatorisk rettleiing for dei første to delane i form av presentasjonar og kommentarar i plenum i forelesingstimane eller i labtimane.

Godkjenninga av dei obligatoriske delane er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Oppgåvene må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan ta eksamen. Oppgåvene må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon, sitering og illustrering (jf. introduksjonskurset). Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva kort tid etter innlevering. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.

Oppgåvestillinga og innleveringsfristen er klare og nedlastbare frå Mitt UiB før semesterstart

Vurderingsformer

Mappe som inneheld tre delar:

1. Ein individuelt koda nettstad med vekt på design og formspråk, som viser mestring av HTML og CSS

2. Ein individuelt koda nettstad med vekt på navigasjon, og informasjonsarkitektur, som viser mestring av tilrettelegging og formidling av informasjon til ulike brukergrupper og einingar

3. Ein semesterrapport som speglar studenten sin innsikt i eigen framgang og val som er tekne både i kodinga og i gruppeoppgåva (sjå Obligatorisk undervisningsaktivitet)

Det vert gitt éin karakter for heile mappa. Dei to kodingsoppgåvene har omlag same vekt. Rapporten har justerande funksjon.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.

Karakterskala

Karakterskala A-F.
Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.

Litteraturliste

Vi nyttar ei lærebok i HTML5 og CSS3 og eit par mer spesialiserte bøker om design, om teknologi og om informasjonsarkitektur. I tillegg kjem det utdrag av bøker som er nedlastbare på Mitt UiB. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og ¿samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for digital kultur

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    24.11.2017