Kultur og normer i informasjonssamfunnet

Fakta om studiet

EmnekodeDIKULT106
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
All undervisning i auditorium og lab vil foregå på engelsk, med mindre det er kun norsktalende tilstede. Det vil alltid vere høve til å bidra til undervisninga på norsk, og ein kan bruke norsk eller engelsk i oppgåver og eksamen. Rettleiing vil vere på engelsk eller norsk.
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring og ein kritisk analyse av historiske, kulturelle og normative sider ved informasjonsteknologien. Emnet er delt i tre modular med kvart sitt tema som vil variere frå år til år.

Mogelege temaer kan blant anna vere digital overvåking, identitet på nett, kjønn og teknologi, nettbruk i eit globalt perspektiv, etikk i eit digitalt samfunn, sjølvrepresentasjon i digitale medier.


Dette emnet er eit fundament for vidare studiar innan dei kulturelle og samfunnsmessige sidane ved teknologi. Vi legg også stor vekt på at studentane skal skrive gjennom heile semesteret og få tilbakemelding på tekstane sine.

Emnet byggjer på ferdigheit i akademisk skriving (jf. introduksjonskurset) og dannar på si side grunnlaget for Dikult251.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er ni veker med undervisning, delt i tre like bolkar. Det er to forelesningar på to timar kvar veke, tilsaman 36 timar. Kvar av dei tre modulane blir etterfølgd av ei forelesingsfri skriveveke og ei veke med tilbakemelding/rettleing.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 33 før undervisninga tek til.

Forelesingane er student-aktive, og vil som oftast vere ein kombinasjon av korte foredrag frå forelesar, diskusjonar i smågrupper, presentasjonar av gruppearbeid frå studentane, plenumsdiskusjonar, skriveøvingar og praktiske oppgåvar kor ein kan nytte datalab eller medbrakte datamaskinar eller smarttelefonar.

Studentane må lese oppgitt pensum (inkludert evt videoar og liknande) i forkant av forelesingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Det vil ofte vere korte skriveøvingar i lekse frå ei forelesing til neste, kor ein t.d. skal skrive 100-200 ord om eit tema etter ein mal for akademisk argumentasjon, eller bidra til eit diskusjonsforum. Ein annan type lekse kan vere å bruke sosiale medium for å finne og setje saman postar om eit bestemt tema, eller å dokumentere noko gjennom bilete eller lyd. Det er naudsynt å gjere desse leksene for å delta i undervisinga, då ein vil diskutere oppgåvene i grupper eller i plenum på neste forelesning.
Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til koding, lesing og skriving.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Studenten må etter kvar undervisningsbolk levere utkast til ei oppgåve om temaet på minst 1000 ord (til saman tre oppgåver). Oppgåvene må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon og sitering (jf. DIKUL101). Studenten må deretter delta i ei tilbakemeldingsgruppe med andre studentar, der dei får rettleiing av ein faglærar eller masterstudentar.

Emneansvarleg godkjenner utkasta og deltakinga i gruppa. Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før studenten kan ta eksamen.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidaten har kunnskaper ...

  • om ulike humanistiske tilnærmingar til analyse av teknologi i samfunnet
  • om korleis den digitale kulturen påverkar vår forståing av oss sjølv og kvarandre

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • gjere sjølvstendige vurderingar av kulturelle, normative og sosiale sider ved og konsekvensar av informasjons- og kommunikasjonsteknologien
  • argumentere for eit standpunkt i etiske og normative spørsmål om teknologi med heimel i faktakunnskap og forskning. Eksemplar på slike spørsmål kan tildømes vere forholdet mellom overvåking og personvern eller mellom piratkopiering og opphavsrett.

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
  • bruke kjelder i samspel med eigne refleksjonar til å utvikle argumentsasjonsrekker

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

DIKULT101, DIKULT104

Læremiddelomtale

Vi nyttar bøker og artiklar som vil vere tilgjengeleg i bokhandel, i digitalt kompendium eller som er fritt tilgjengelege på nett. Videoopptak av foredrag på nettet eller dokumentarfilmar kan også vere på pensum, og då vil dei anten vere fritt tilgjengelege på nettet eller bli vist i undervisinga. Studentane må også rekne med å bruke tid på å gjere seg kjende med utvalde nettstadar, sosiale medium og debattar som foregår på nettet.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mi Side før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Vurderingsformer

Studenten skal byggje opp ei mappe som dannar grunnlaget for vurderinga.

Mappevurdering med to oppgåver som tel 50 % kvar. Begge delane må vere bestått for å få bestått emne.
Studenten vèl sjølv ut to av dei tre obligatoriske oppgåvene (sjå under Obligatoriske aktivitetar) og utvider desse til 2000 ord kvar.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.
Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mi Side.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.