Elektronisk litteratur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Læringsutbyte
Etter å ha tatt emnet skal studenten ha:
- oversikt over sjanger innan elektronisk litteratur og deira historie
- kjennskap til sentrale verk innan elektronisk litteratur
- forståing for korleis visuelle, kinetiske, temporale og interaktive trekk fungerer i elektroniske forteljingar og poesi, og korleis desse problematiserer vår forståing av lesaren og skjønnlitteraturen generelt
- forståing for elementære prinsipp innan programmering
Etter å ha tatt emnet skal studenten kunne:
- anvende teoriar om elektronisk litteratur i eigne tolkingar av spesifikke verk
- reflektere over eigen kreativ praksis og justere denne under rettleiing
- skrive spesifikt for digitale medier
- drøfte korleis programkode og design kan vere element i skrivepraksis
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Elektronisk litteratur er skjønnlitteratur laga for datamaskina og Internett. Elektronisk litteratur fokuserer på språkkunst og poetikk, men har forbindingar til andre former for digital kultur som digital kunst og dataspel. I dette emnet vil studentane lese elektronisk litteratur som t.d. hypertekstfiksjon, digital poesi og teksteventyrspill ("interactive fiction"). Studentane vil òg studere teoretiske tekstar om og tolkingar av elektronisk litteratur.
Kreativ praksis er ein viktig del av emnet, og alle studentane vil delta i eit kollaborativt, elektronisk litterært verk kor ein anten skapar ein nettstad eller liknande frå botnen av eller modifiserer eit eksisterande verk ved å redigere programkode, tekst og bilete. Ein vil få undervisning i nødvendige tekniske ferdigheitar. Studentane vil òg få praktisk trening i å analysere elektronisk litteratur. Ein vil særleg diskutere korleis element som er vanlege i elektronisk litteratur, så som bilete, rørsle, tid og rom og interaktivitet verkar inn på teksterfaringa og lesarerfaringa, og korleis dette også problematiserer vår forståing av tradisjonell forteljing og lyrikk.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha tatt emnet skal studenten ha:
- oversikt over sjanger innan elektronisk litteratur og deira historie
- kjennskap til sentrale verk innan elektronisk litteratur
- forståing for korleis visuelle, kinetiske, temporale og interaktive trekk fungerer i elektroniske forteljingar og poesi, og korleis desse problematiserer vår forståing av lesaren og skjønnlitteraturen generelt
- forståing for elementære prinsipp innan programmering
Etter å ha tatt emnet skal studenten kunne:
- anvende teoriar om elektronisk litteratur i eigne tolkingar av spesifikke verk
- reflektere over eigen kreativ praksis og justere denne under rettleiing
- skrive spesifikt for digitale medier
- drøfte korleis programkode og design kan vere element i skrivepraksis
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
DIKULT103 Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspel
Undervisning og omfang
Det vert seksten forelesingar og åtte økter i datalab over tretten veker. I tillegg får kvar student tilbod om eitt rettleiingsmøte med forelesar i samband med semesteroppgåva.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er to obligatoriske aktivitetar.
1) Studentar skal delta i eit kollaborativt praktisk prosjekt.
2) Kvar student skal velje eit verk elektronisk litteratur som dei presenterer munnleg for klassen og skriv ein kritisk skildring av på om lag 400 ord.
For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve.
Studentane kan velje mellom to alternative oppgåvetyper:
- Lage eit verk elektronisk litteratur og skrive ei innleiing til verket på 1500 ord som set det i ein større kontekst.
- Skrive ein komparativ analyse av to verk elektronisk litteratur på 4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Læremiddelomtale
Pensum svarer til om lag 1000 sider, og er ein kombinasjon av elektronisk litteratur og teoretiske tekstar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no