Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Webdesign II

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIKULT205
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk ved behov
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Kurset byggjer direkte på Dikult105. Studentane skal ha og bruke all kunnskap og alle ferdigheiter tileigna i Dikult105 (t.d. semantisk koding, CSS, skriving for web, informasjonsarkitektur, navigasjon, usability, accessibility, responsivitet; innsikt i design) utan at det vert undervist desse. Dersom ein student ikkje straks tek Dikult205 etter Dikult105 må studenten gjere seg kjend med innhaldet frå foregåande semester.

Med denne bakgrunnen gir emnet ei fordjuping i genereringa, utforminga og analysen av moderne webdesign. Emnet har ein programteknisk del og ein teoretisk del, som høyrer saman.

I den programtekniske delen lærer studentane å utforme, publisere og vedlikehalde dynamiske nettstader med server-generert innhald frå ein database og med klient-generert utforming med script. Dei lærer om optimalisering av database og effektiv utnytting av script på sjølvlagde nettstader, til dømes for å handtere innlogging for administratorar og medlemmar, for å vise bloggkommentarar, for å lage søkjefunksjonar, for forebyggje tryggleikshol og for å formidle og vise større mengder med data og informasjon (tabellar, infografikk).

Desse programtekniske aspekta er den praktiske konkretiseringa av den teoretiske ramma. Studentane lærer om klassisk retorikk og i kva grad denne er ein nyttig reiskap til å forstå maktmekaniskmar og overtalingsstrategiar på web. Dei lærer teoriar om multimodalitet og om design- og samfunnsdiskurs som dei set sitt eige arbeid inn i.

Emnet tematiserer etiske problemstillingar til dømes i samband med åndsverkslov og redaksjonelt ansvar når ein nettstad er open for brukarinnlegg, og når designaren eller redaktøren ikkje kjenner alle delane av nettstadens innhald på forehand.

Studentane får trening i å kombinere programmeringsferdigheiter, design- og retorikkunnskap til å lage engasjerende og tiltalande nettstader som vinklar informasjon i ulike retningar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om klassisk retorikk og om moderne retorikk i websamanheng
  • om moderne nettverksteknologi til generering av nettstader utover HTML og CSS
  • om verkemåten til skript og kode og om god skikk i programmering
  • om tryggleiksfaren ved databasebruk
  • om teoriar om estetikk, tekst-, bilete- og modusbruk
  • om etiske retningsliner for bruk av personopplysningar og materiale som er verna av åndsverklova

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • skrive, kode, publisere og halde vedlike ein dynamisk nettstad med generert innhald ved hjelp av aktuell webteknologi
  • førebyggje tryggleikshol
  • analysere retoriske prosessar ved bruk av ulike mediemodi på web
  • bruke desse aktivt i eige arbeid

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • forsvare og revurdere strategiar for beste koding og beste formidling av innhald
  • setje seg inn i andre sine strategiar for koding og formidling for å fremje konstruktiv kritikk
  • forklare og kritisk vurdere eige arbeid

forklare og forsvare eige og andre sine val og grep i ei større gruppe

Krav til forkunnskapar

DIKULT105

Tilrådde forkunnskapar

Dikult104. Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå.

Studiepoengsreduksjon

 Emnet overlappar 100% med det tidligare emnet HUIN205

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, men emnet har avgrensa med plassar og det er ein eigen søknadsfrist til emnet.

Om det er fleire søkjarar enn plasser, vert bachelorstudentane i Digital kultur prioriterte, og dei vert rangert etter karakter frå DIKULT105. Nokre plassar vil vere reserverte for utvekslingsstudentar.

Søknadsfristen er i forkant av undervisningsstart i det aktuelle semesteret. Ein søkjer ved å undervisningsmelda seg på studentweb.uib.no innan fristen som vert publisert på Mitt UiB og informert om på orienteringsmøtet. Søkarar som får plass vil verta kontakta kort tid etter søknadsfristen og må deretter vurderingsmelda seg på studentweb.uib.no innan 1. februar for kunne gå opp til eksamen i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er tretten veker med undervising og to forelesingsfrie veker. Det er ei forelesing på to timar og ei øving på tre timar med lab-assistent kvar veke.

Studentane utarbeider individuelle kodingsprosjekt og dynamiske nettstader.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 3 før undervisninga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Det er knytt sjølvstendige oppgåver til undervisninga.

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, koding, lesing av faglitteratur, lekser, førebuing av presentasjonane og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video, tekniske bloggar, tutorials og andre programmeringsressursar).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til lesing, koding og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.


Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Studentane skal munnleg presentere delar av pensum i plenum. Presentasjonen blir godkjend av emneansvarleg.

Studentane skal setje seg inn i ein annan student sitt kodingsprosjekt for å vurdere strategiar for koding og formidling av innhald (peer-review).

Studentane skal gjennomføre eit kodingsprosjekt i retorikk med to mindre nettstader om eitt tema

Ein analyse av dette retoriske prosjektet på ca. 2000 ord

Studentane skal vise fram dei einskilde oppgåvene på gitte tidspunkt før endeleg innlevering og få kommentarar på dei. Rettleiinga kan skje i grupper og i undervisinga. Tidspunkta for rettleiing vert annonserte ved semesterstart.

Dei obligatoriske aktivitetane er anten godkjende eller ikkje godkjende, og er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei mappevurdering beståande av to delar:

1. Eit kodingsprosjekt i form av ein dynamisk nettstad og (tel 60% av endeleg karakter)

2. ein rapport om det tekniske arbeidet med denne nettstaden på om lag 1500 ord. Det vert gitt karakter på begge semesteroppgåvene. (tel 40% av endeleg karakter)

Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.

Karakterskala

Kvar eksamensdel får ein karakter på skalaen A til F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB. Sluttkarakteren blir rekna ut mekanisk frå enkeltdelane. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.

Litteraturliste

Vi nyttar ei lærebok i PHP og mysql, og eit par mer spesialiserte bøker om design, om retorikk og om informasjonsarkitektur. I tillegg kjem det utdrag av bøker og artiklar som er nedlastbare på Mitt UiB, og ein god del dagsaktuelle nettressursar. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og -samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.

Emnet byggjer direkte på Dikult105, og vi forventar at studentane kjenner og kan bruke all litteratur frå Dikult105. Sidan fagfeltet er i stadig endring kan det vere at obligatorisk og tilrådd litteratur på Dikult105 blir bytta ut frå år til år. Dersom ein student ikkje straks tek Dikult205 etter Dikult105 må studenten gjere seg kjend med læremidla for Dikult105 frå foregåande semester.

Alt materiale er i utgangspunktet pa¿ engelsk. Nokre artiklar eller bokkapittel kan vere på norsk. Studentane kan i oppga¿vene nytte og vise til kjelder pa¿ andre spra¿k.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.