Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Praktisk forskingstrening i digital humaniora

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på utviklinga av både teoretiske og praktiske ferdigheiter i digitale humaniora. Studentane vil lære korleis digitale plattformer vert nytta i forskning i humanistiske fag. I den teoretiske komponenten av emnet les studentane fagtekstar om forsking i Digitale humaniora og utforskar utvalde prosjekt innan digitale humaniora. Emnet fokuserer på studentaktiv forsking. Studentane får praktisk forskningserfaring som digitale humanistar gjennom å utvikle prosjekt i ELMCIP Electronic Literature Knowledge Base. Denne kunnskapsbasen er ein vitskapeleg, open (open access), relasjonell database programmert i Drupal som dokumenterer verk, forsking, hendingar og aktørar innan feltet elektronisk litteratur.

Studentane vil få praktisk røynsle gjennom arbeid med eitt eller fleire av følgjande område:

  • redaksjonelt arbeid: innsamling, vurdering, skriving og redigering av artiklar om elektronisk litteratur i kunnskapsbasen
  • web-design og utvikling av brukargrensesnitt
  • prosjektplanlegging og implementering; teamwork og akademisk samarbeid
  • dokumentasjon
  • visualiseringsbaserte digitale analysemetodar

Dette emnet gir studentane ei unik moglegheit til å få arbeide saman med forskarar på eit internasjonalt forskingsprosjekt om elektronisk litteratur og innan digitale humaniora, og til å bidra til forskingsfronten på desse felta.

ELMCIP kunnskapsbasen har sin heim ved Universitetet i Bergen og har adressa http://elmcip.net/knowledgebase.

Bidrag til ELMCIPs kunnskapsbase er offentleg tilgjengelege og har Creative-Commons lisensen non-commercial share-alike (nc-sa).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar...

  • om pågåande debattar og konsept innan digitale humaniora, og kjennskap til eit utval prosjekt innan digitale humaniora
  • om nettbaserte forskningsplattformer og deira funksjonsmåte og tyding

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • skrive korte vitskaplege skildringar av verk og aktørar for ein vitskapleg database i eit estetisk felt
  • vurdere nytta av ei rekkje strategiar innan digitale humaniora i eit forskingsprosjekt
  • drøfte og prioritere val i organisasjon og design når ein skal utvikle ein vitskapleg database
  • utvikle "distant reading"- strategiar for å studere trendar og mønster i eit stort datasett

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • organisere gruppearbeid
  • arbeide på eit internasjonalt forskingsprosjekt
  • nytte digitale forskingsmetodar

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng (ECTS credits) i Digital kultur eller tilsvarande, eller 60 studiepoeng (ECTS credits) i allmenn litteraturvitskap.

Tilrådde forkunnskapar

Dikult103, Dikult105.

Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går over tolv veker. I kvar veke vert det eit teoretisk og eit praktisk seminar på to timar.

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på deltagelse på seminarer, lesing av faglitteratur, bidrag til databasen, lekser, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video, osv.).

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Vurderingsformer

Skriftleg rapport på om lag 3000 ord og justerande munnleg eksamen. Rapporten dokumenterer kva som er gjort gjennom semesteret.

Om rapporten får ståkarakter blir studenten kalla til munnleg eksamen, der studenten skal presentere arbeidet og setje det inn i ein større kontekst i digitale humaniora. Den munnlege prøva kan justere karakteren på rapporten med ein bokstavkarakter opp eller ned.

Karakterskala

Karakterskala A-F. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB.

Litteraturliste

Artiklar om Digitale humaniora, vitskaplege arbeid om elektronisk litteratur og litterære verk som er naudsynte for å skrive i kunnskapsbasen. Studenten skal følgje debattar i sosiale medium om digitale humaniora, og bruke og utvikle ELMCIPs kunnskapsbase.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rapport og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    16.11.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      11.12.2017–15.12.2017
    • Eksamensdel: Rapport

      Innleveringsfrist
      30.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen