Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kollaborativ kreativitet i nye medium

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeDIKULT208
  • Talet på semester1
  • SpråkAll undervisning i auditorium og lab vil foregå på engelsk, med mindre det er kun norsktalande tilstades. Det vil alltid vere høve til å bidra til undervisninga på norsk, og ein kan bruke norsk eller engelsk i oppgåver og eksamen. Rettleiing vil vere på engelsk eller norsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Uregelmessig. Kurset tel som haustsemester, men det vert halde eit intensivt seminar på fem til ti dagar om sommaren, som blir fulgt opp med fem førelesingar utover haustsemesteret.

Informasjon om påmelding til det intensive seminaret vert formidla gjennom Mitt UiB til studentar som tar emne i Digital kultur innan utgangen av mars.

Undervisningsstad

Bergen eller hjå ein partnerinstitusjon

Mål og innhald

Kjerneaktiviteten i emnet er samarbeid om utvikling av kreative nye medium, både i og utanfor lab. Studentane får praktisk røynsle i å utvikle multimodale nye medium som er sett saman av mellom anna tekst, bilde, lyd og video i kreative produksjonsomgjevnader. I emnet får ein òg ei innføring i ulike teoriar og praksisformer innanfor kreativt samarbeid i interaktive medium.

Praktisk prosjektutvikling vert støtta og kontekstualisert av å lese og analysere kollaborativt produserte kreative verk i fleire narrative former, og av å lese og drøfte artiklar om verka.

Hovuddelen av emnet blir lagt til eit intensivt seminar som varer mellom fem og ti dagar, normalt om sommaren før undervisingssemesteret startar.

Kurset vert normalt tilbode som eit felles kurs med både studentar og lærarar frå andre nasjonale eller internasjonale institusjonar og med ulik studie- og ferdigheitsbakgrunn som deltar og jobbar saman i sommarsamlinga. Deltakarene vil då etter seminaret ha nettverksbaserte møte med sine grupper for å utvikle og ferdigstille prosjekta dei har jobba med på seminaret.

Studentane bruker digitale video- og stillbildekamera og andre opptaksapparat til å hente inn råmateriale, og arbeider så saman for å utvikle narrative opplevingar for datamaskiner i nettverk, med produksjonsteknikkar frå multimedia og distribuerte nettverksomgjevnader.

Læringsutbyte

Kunnskapar:
Kandidaten har kunnskapar¿

  • om historia og konteksten til kreativ praksis i digitale omgjevnader
  • om produksjonsteknikkar innan nye medium

Ferdigheiter:
Kandidaten kan¿

  • forstå modellar av samarbeidsproduksjon frå ulike disiplinar
  • produsere meiningsfulle digitale artefaktar i nye medium

Generell kompetanse:
Kandidaten kan¿

  • setje saman ulike modale aspekt til ein digital artefakt
  • ta ansvar i prosjekt og rapportere om dette
  • samarbeide i ei tverrfagleg gruppe

Krav til forkunnskapar

30 studiepoeng (ECTS credits) i Digital kultur eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Dikult103, Dikult105.

Generelt gjeld at bachelorstudentane bør ha tatt alle emna på 100-nivå i Digital kultur før dei byrjar på 200-nivå.

Krav til studierett

Emnet har avgrensa plass, og ein eigen søknadsfrist. Om det er fleire søkjarar enn plassar på emnet, vil bachelorstudentane i Digital kultur ha forrang, og dei vil bli rangert etter karaktersnitt i emna frå Digital kultur. Nokre plassar vil vere reserverte for masterstudentar i digital kultur.

Søknadsfristen er før påske i det aktuelle året. Informasjon om påmelding til det intensive seminaret vert formidla gjennom Mitt UiB til studentar som tar emne i Digital kultur innan utgangen av mars. Studentane kan også be om informasjon frå studierettleiar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, intensivt seminar og praktisk gruppearbeid.

Det intensive seminaret er på fem til ti dagar og vert halde om sommaren. I tillegg er det fem to-timars førelesingar i løpet av det ordinære haustsemesteret.

Studentane utarbeider i grupper eit kreativt, nettbasert, multimodalt verk som tar i bruk estetiske verkemiddel for å gje form til eit scenario gruppa har jobba med i det intensive seminaret.

Intensivseminaret finn nokre år stad ved UiB og andre år ved eit utanlandsk universitet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Om sommerseminaret er lagt til utlandet tel det som ein ekskursjon for studentar ved UiB. Studentane kan da søkje LLE om å få finansiert delar av reiseutgiftene, men dei vil måtte betale delar av kostnadene sjølve.

Vurderingsformer

Eksamen består av tre delar er delt i tre eksamensdelar med teoretisk, praktisk og munnleg arbeid:

  1. Eit samarbeidsprosjektet laga i gruppe (som veg 40% av endeleg karakter)
  2. Ein individuell prosjektrapport på omlag 3000 ord (som veg 40% av endeleg karakter)
  3. Ein individuell munnleg presentasjon (som veg 20% av endeleg karakter).

I den individuelle prosjektrapporten skal ein drøfte val gjort i arbeidet med gruppeoppgåva og setje samarbeidsprosessen og arbeidet inn i ein teoretisk kontekst.

For gruppearbeidet vert det gitt éin felles karakter per gruppe, jfr. § 6.2.6 i Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen. Studentane er sjølve ansvarlege for ei rettferdig arbeidsfordeling i gruppearbeidet.

Gruppeoppgåva må vere greidd i undervisningssemesteret. Den individuelle prosjektrapporten og den munnlege presentasjon kan takast ved midtsemestereksamen i det påfølgjande semesteret dersom obligatoriske arbeidskrav er gyldige.

Dei involverte institusjonane vurderer sine studentar uavhengig av kvarandre.

Karakterskala

Kvar eksamensdel får ein karakter på skalaen A til F. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB. Sluttkarakteren blir rekna ut mekanisk frå enkeltdelane. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.

Litteraturliste

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Emneevalueringa skjer i tråd med universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no