Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i digital kultur med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeDIKULT250
  • Talet på semester1
  • SpråkRettleiing vil vere på engelsk eller norsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I dette emnet skal studentane fordjupe seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve (bacheloroppgåve). Problemstilling, opplegg og litteratur blir utarbeidd av studenten i samråd med rettleiaren.

Oppgåva kan vere ein teoretisk orientert studie eller eit praktisk prosjekt med rapport.

Oppgåva gir studentane høve til å fordjupe seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur. Studentar som er usikre på val av tema for bacheloroppgåva bør velje DIKULT251 for å skrive ei godkjend bacheloroppgåve.

Det blir gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om eit sentralt tema innan Digital kultur
  • om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
  • gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell kontekst
  • skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving

planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng (ECTS credits) i digital kultur (eller tidlegare humanistisk informatikk) eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Emnet bør takast som det siste emnet i bachelorprogrammet, dvs. etter dei obligatoriske emna i Digital kultur og dei frie studiepoenga.  

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med tidlegare DIKULT202.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet blir normalt gitt utan felles undervisning, kun med rettleiing. Om det melder seg mange studentar kan det bli gitt grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med sjølvskreven tekst. Første møte vil finne stad ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast. Utkasta er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.

Vurderingsformer

Studenten leverer ei bacheloroppgåve på omlag 5000 ord om det sjølvvalde temaet. Oppgåva skal følgje standardar for akademisk skriving.

Om oppgåva får ståkarakter blir studenten prøvd munnleg i oppgåva. Den munnlege prøven er justerande, dvs. at den endelege karakteren kan avvike frå karakteren på oppgåva med inntil éin bokstav.

Karakterskala

Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F. Sluttkarakteren kan bli justert etter munnleg. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

Studenten vel sjølv kjelder til oppgåva i samråd med rettleiar. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.

Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.

For praktisk orienterte oppgåver med rapport gjeld andre krav til kjeldeval.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    10.11.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      11.12.2017–15.12.2017
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      27.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen