Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIKULT251
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk ved behov
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi ei fordjuping i eit tema knytt til relasjonane mellom informasjonsteknologiar, samfunn og kultur. Emnet formidlar både breie teoretiske perspektiv og fordjuping i eit konkret område. Vektlegginga av tema og val av fordjupingsområde vil kunne variere, og kan til dømes vere historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk.

Studentane skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Dei skal kjenne og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv på ein fruktbar måte.

Oppgåva gir trening i å anvende aktuelle teoretiske perpektiv på eit fordjupningsområde.

Det blir gitt rettleiing i reglar og normer for akademisk skriving.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om eit sentralt tema innan Digital kultur
  • om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
  • gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell kontekst
  • skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag

skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Dikult104, Dikult106.

Emnet bør takast som det siste emnet i bachelorprogrammet, dvs. etter dei obligatoriske emna i Digital kultur og dei frie studiepoenga.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 100% med tidlegare DIKULT206

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er seminarbasert og det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.

Alle studentar skal presentere tekstar frå pensum og leie diskusjon om tekstane i seminarer. I tillegg vil ein presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med sjølvskreven tekst. Første møte vil finne stad ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast.

Vurderingsformer

Studenten leverer ei bacheloroppgåve på omlag 5000 ord om ei sjølvvald problemstilling innanfor fordjupingsområdet frå undervisninga.

Om oppgåva får ståkarakter blir studenten prøvd munnleg i oppgåva. Den munnlege prøven er justerande, dvs. at den endelege karakteren kan avvike frå karakteren på oppgåva med inntil éin bokstav.

Karakterskala

Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F. Sluttkarakteren kan bli justert etter munnleg. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.

Litteraturliste

Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna ikkje-skriftleg materiale. Studenten vel sjølv fleire kjelder til oppgåva. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.

Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.


Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    04.09.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      25.09.2017–29.09.2017
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      18.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen