Hjem
Click

Utdanning

Mastergradsstudier

Forskingsmetodar og utvikling av mastergradsprosjekt i digital kultur

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHøst
  • EmnekodeDIKULT301
  • Antall semester1
  • SpråkAll undervisning vil vere på engelsk, med mindre det er kun norsktalande tilstade. Det vil alltid vere høve til å bidra til undervisninga på norsk. Rettleiing vil vere på engelsk, på norsk eller på eit anna høveleg språk.
  • Ressursar

Mål og innhald

Dette emne førebur studentane til å skrive masteroppgåve. Studentane lærer om ulike metodar, forskingsetiske utfordringar, dokumentasjonsteknikkar og planlegging av feltarbeid. Studentane vert kjende med ulike tilnærmingar som dei kan utvikle i mastergradsprosjektet. Emnet gir eit oversyn over aktuelle etiske standardar og juridiske krav knytt til personvern og åndsverklova.

I undervisninga presenterer studentane eigne skriftlege arbeid frå gang til gang og innleiar diskusjonar rundt desse.

Emnet kan etter behov dekkje utfordringar knytt til praktiske mastergradsprosjekt.

Som ein del av emnet skal studentane utarbeide ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva. Emnet for skissa blir valt i samråd med rettleiar. I prinsippet kan emnet for masteroppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget, og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader.

Studentane skal leggje opp eit valfritt pensum på om lag 500 sider som har tilknyting til det området dei planlegg å utforske i mastergradsoppgåva.

Emnet er obligatorisk i masterprogrammet i Digital kultur.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går over tolv veker. Det er eitt seminar på tre timar i veka. I tillegg til seminara vert det gitt individuell rettleiing for utviklinga av prosjektskissa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje ta eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Det vert gitt omlag sju mindre oppgåver som ein del av kurset. Desse oppgåvene er normalt skriftlege arbeid som skal presenterast munnleg i undervisinga. Dei er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.  

Undervisningssemester

Haust

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Studentar på andre masterprogram kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om ¿

  • eit breitt spekter av kvantitative, kvalitative og hermeneutiske forskingsmetodar innan Digital kultur
  • eit breitt spekter av teoriar som tilbyr ulike forståingsrammer innen Digital kultur
  • lover og etiske normer som gjeld i samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking

Ferdigheiter

Kandidaten kan ¿

  • på sjølvstendig grunnlag definere eit problemområde og isolere sentrale problemstillingar
  • omtale og samanlikne ulike teoriar i relasjon til ein gitt tematikk
  • avleie metodar ut frå ei teoretisk vurdering og kunnskapsmål
  • omsetje desse metodane til konkrete aktivitetar med materiale, menneske eller andre forskingsobjekt.
  • planleggje gjennomføringa av mastergradsprosjektet i Digital kultur

Generell kompetanse

Kandidaten kan ¿

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • presentere og forsvare ein prosjektutviklingsprosess for utanforståande fagfolk
  • formulere og munnleg formidle sitt skriftlege arbeid til eit akademisk publikum

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset opptak til masterprogrammet i Digital kultur. DIKULT301 blir til vanleg tatt i første semester av masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Spesialisering i digital kultur eller tilsvarande.

Læremiddelomtale

Studentane skal lese eit felles pensum på omlag 500 sider. Pensumet kan vere bøker, artiklar eller nettbaserte tekstar som omhandlar ulike teoriar, forskingsmetodar og debatt i digital kultur.

I samarbeid med emneansvarleg skal studentane finne fagstoff tilsvarande 500 sider som er spesifikt og relevant for deira eiga planlagde masteroppgåve.

Vurderingssemester

 Haust

Vurderingsformer

Emnet munnar ut i ei Prosjektskisse for mastergradsoppgåva inkludert ein arbeidsplan. Den ferdige prosjektskissa skal vera på mellom 5000 og 7000 ord.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no