Metodar og mastergradsprosjekt i digital kultur

Fakta om studiet

EmnekodeDIKULT301
Studiepoeng15
UndervisingssemesterAutumn
Undervisingsspråk
Engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

I dette emnet blir det gitt eit oversyn over sentrale metodar innan fagfeltet digital kultur, basert på eit felles pensum på om lag 500 sider.

Som ein del av emnet skal studentane utarbeide ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva. Studentane skal leggje opp eit valfritt pensum på om lag 500 sider som har tilknyting til det området dei planlegg å utforske i mastergradsoppgåva.

Emnet er obligatorisk i masterprogrammet i digital kultur.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha tatt emnet skal studentane:

  • ha kjennskap til eit breidt spekter av forskningsmetodar innan digital kultur
  • kunne vurdere og foreta val av teoriar og metodar for eit bestemt forskningsproblem
  • på sjølvstendig grunnlag kunne definere eit problemområde og kunne isolere sentrale problemstillingar
  • ha utvida kunnskap om akademisk skriving
  • vere førebudde på det vidare arbeidet med mastergradsprosjektet

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur.

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset opptak til masterprogrammet i Digital kultur. DIKULT301 blir til vanleg tatt i første semester av masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Spesialisering i digital kultur eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar og seminar på til saman om lag 30 timar, og dessutan individuell rettleiing i samband med prosjektskissa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.

Vurderingsformer

DIKULT301 skal munne ut i ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva inkludert ein arbeidsplan. Den ferdige prosjektskissa skal vera på 10 -15 sider.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Læremiddelomtale

I tillegg til eit obligatorisk pensum på omlag 500 sider, skal studentane i samråd med faglærar velje eit omtrent like stort pensum som er relevant for det planlagde mastergradsprosjektet. Til saman skal pensum vere på om lag 1000 sider.

Studentane får individuell rettleiing i arbeidet med prosjektskissa.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.